254
ǥǚǣǜ ǘȨǡǙǘȨǞŵ ŵ Ǚǜǚ̷ǡ
Leddsetningar Noko som er fascinerande ved setningar, er at dei kan bli så lange. Sjå berre på desse setningane: • • • • •
ar
Som du ser, kan vi byggje ut ei setning ved å setje setningar inn i henne. Slike setningar inne i setninga kallar vi for leddsetningar. Leddsetningar kan ikkje stå åleine, men fungerer som setningsledd i heilsetninga. Dei leddsetningane vi brukte i dømet ovanfor, blei innleidde med at. Dette vesle ordet har som jobb å innleie leddsetningar, og det høyrer til ordklassen subjunksjonar (sjå tabellen side 231). Andre døme på subjunksjonar er når, viss, før, fordi, sjølv og om. Vi kan også bruke spørjepronomen for å innleie leddsetningar, til dømes «Kven han er, veit eg ikkje». Leddsetningar skil seg frå hovudsetningar i måten dei er bygde opp på. Hovudsetningane følgjer V2-regelen, som vi var inne på ovanfor – til dømes Markus var forelska i Embla. I leddsetningar er det annleis, for der følgjer ein nettopp ikkje V2-regelen: Alle i klassen visste at Markus var forelska i Embla. Her kjem først subjunksjonen (at), deretter subjektet (Markus), det finitte verbalet (var) og objektet (forelska i Embla). Dersom ei leddsetning inneheld eit setnings-
Vu
rd er
in g
se k
subjunksjon
se m
pl
leddsetning
Ingrid opna døra. Njål høyrde at Ingrid opna døra. Aksel forstod at Njål høyrde at Ingrid opna døra. Maria visste at Aksel forstod at Njål høyrde at Ingrid opna døra. Hassan gjekk ut frå at Maria visste at Aksel forstod at Njål høyrde at Ingrid opna døra.