252
ǥǚǣǜ ǘȨǡǙǘȨǞŵ ŵ Ǚǜǚ̷ǡ
Norsk som V2-språk Norsk blir ofte kalla eit SVO-språk, og i mange tilfelle stemmer det: Lisa slo Per. Marius les ei bok. Men eigentleg er det meir komplisert enn som så. Problemet med å kalle norsk for eit SVO-språk oppstår når vi lagar ei setning der det kjem eit anna ledd enn subjektet før verbalet. Dersom vi føyer til eit adverbial som «i går» eller «i dag» i starten av setningane nedanfor, blir det ikkje korrekt å følgje SVO-regelen:
ar
a *I går Lisa slo Per. * I dag Marius les ei bok. (Dette er feil.) b I går slo Lisa Per. I dag les Marius ei bok.
V2-språk
Vu
rd er
in g
se k
V2-regelen
se m
pl
Problemet med setningane i a) er at verbalet kjem som det tredje leddet. Det som vil vere korrekt i norsk, er at verbalet kjem som andreledd, slik tilfellet er for setningane i b). Her er vi inne på det mest karakteristiske trekket ved norsk syntaks, nemleg at norsk er eit V2-språk. Norsk følgjer nemleg V2-regelen, som vil seie at verbalet alltid må kome som andreledd i forteljande hovudsetningar. Det er vanleg å seie at verbalet er «sjefen» i setninga. Dei norske verbala er samtidig ekstra «sjefete» sidan dei i tillegg avgjer kor mange ledd som kan kome før seg sjølv. Samla sett er derfor V2-regelen meir dekkjande for norsk enn SVO-regelen. Kva for ledd er det så som kan stå før verbalet? Eigentleg alle typar ledd, så lenge orda utgjer eitt ledd. Ofte står subjektet før verbalet, men det kan like gjerne vere til dømes eit adverbial. Sjå berre på desse setningane:
S
V
O
Han snakkar norsk. A
V
S
O
No snakkar han norsk. S
V
A
Elevane stod nede på skuleplassen. A
V
S
Nede på skuleplassen stod elevane.