242
ǥǚǣǜ ǘȨǡǙǘȨǞŵ ŵ Ǚǜǚ̷ǡ
etymologisk rettskriving
Vu
ortofont språk
rd er
in g
se k
se m
pl
ar
etymologi
Vi har ofte, men ikkje alltid, følgt det ortofone prinsippet i norsk. Vi har nemleg også innslag av ei etymologisk rettskriving. Då markerer vi den språkhistoriske samanhengen som eit ord står i. Etymologi handlar om det historiske opphavet til eit ord. Døme på etymologiske innslag i norsk rettskriving er at vi må skrive bokstaven g i både gi og gav for å markere at det handlar om det same verbet, sjølv om gi blir uttalt med j-lyd først og ikkje g-lyd. Av same grunn har vi også med d-en i godt for å vise samanheng med god. Her har svenskane valt ei anna løysing når dei ønskjer kvarandre gott nytt år. Dersom vi hadde hatt ei rettskriving som var heilt gjennomført ortofon, ville det truleg ha vore lettare for barn å lære seg å skrive norsk. Vi kunne skrive pitsa for pizza, ji for gi og lissom for liksom. Derimot hadde det blitt vanskelegare å lese norsk, fordi vi då ikkje fekk informasjon om den grammatisk eller språkhistoriske samanhengen til eit ord – om det var tale om godt eller gått. Særleg kj-lyden er vrien, for den kan skrivast på fleire måtar: keisam, kjøpe, kino, kylling, tjukk. Med dialektskilnader ville vi dessutan fått mange ulike skrivemåtar av det same ordet. Det går likevel fint an å ha eit gjennomført ortofont språk, og finsk er eit døme på det. Ein nordmann kan lese ein tekst på finsk og gjere seg forstått, utan sjølv å forstå eit einaste ord. Også spansk, bosnisk og tyrkisk har ein ganske lydrett skrivemåte. I islandsk og fransk har dei derimot ei etymologisk rettskriving. I sosiale medium som Snapchat og Instagram er det mange unge som skriv dialektprega. Her står med andre ord ortofoni sterkt!
Er norsk vanskeleg? Vi har i dette kapittelet sett at norsk har mange særtrekk – til dømes mange vokalar, dobbelt bestemt form, sterkt trykk og valfridom i rettskrivinga. Endå er vi ikkje ferdige med grammatikken i norsk, for i kapittel 00 skal vi gå nærare inn på korleis vi byggjer opp setningar.