222
ǥǚǣǜ ǘȨǡǙǘȨǞŵ ŵ ǦȨǚȰǣǥǤȨǘȨǚ
Å førebu seg til ein fagsamtale Ein fagsamtale er ein planlagd samtale om eit fagleg tema, eit tverrfagleg tema eller ei problemstilling. I fagsamtalen utforskar de temaet eller problemstillinga. Ein fagsamtale bør vere godt førebudd. Slik kan du førebu deg: Slik kan du gjere det:
Setje deg godt inn i temaet for samtalen
• Skriv ned det du allereie kan om temaet (stikkord, lag tankekart e.l.). • Les om temaet i læreboka. • Søk etter utfyllande informasjon om temaet på internett eller biblioteket.
ar
Dette kan du gjere:
Kva kan du bidra med av fagleg innhald i samtalen? Skriv ned stikkord, faktaopplysningar, argument, moglege tolkingar av XIOWXIR HMRI VIƽIOWNSREV SK PMORERHI
Vu
rd er
Skrive ned dei faglege innspela dine til samtalen
in g
se k
se m
pl
I norskfaget tek slike fagsamtalar ofte utgangspunkt i litterære tekstar eller språklege tema. Arbeid grundig med desse tekstane eller temaet. Dersom de skal snakke om ein litterær tekst, må du ha oversikt over • forfattaren • sjanger • motiv og tema • verkemiddel • konteksten til teksten
Notere faglege omgrep
Skriv ned relevante faglege omgrep og knyt dei til det temaet de samtalar om. Du viser at du er trygg i faget, når du knyter faglege omgrep til konkrete døme – til dømes frå tekstane de samtalar om.
Øve!
Snakk med ein medelev, ein ven eller nokon i familien din. Då får du prøvd ut idear og samtidig øvd deg på å formulere det du vil seie.