205
se k
se m
pl
ar
ǡȳǜǣǘǘȨǠ ɜŵ ŵ̷ ǓǘǚȨ ǙȨǥ ǝǥ ȲǠǣ ǤɵǓǚȰ
↥
in g
Å vinne fram med argument
rd er
Vi brukar språket for å påverke folk om stort og smått. Nokre gonger har vi eit synspunkt eller ei mening som vi ønskjer at folk skal vere einige i. Andre gonger vil vi at folk skal gjere noko bestemt. Når vi argumenterer, er det fordi vi er ueinige om eller usikre på saka det gjeld. Dersom alle er einige, er det ingen grunn til å overtyde dei om noko som helst, og det er derfor ingen grunn til å argumentere. I debattspaltene i avisene og i debattprogramma på tv og radio argumenterer politikarar og andre for at deira politikk er den beste. I reklamar får vi servert argument for å kjøpe eit bestemt produkt. Også i kvardagslege samtalar argumenterer vi. Vi kan til dømes argumentere for å få spele dataspel litt lenger eller for å få reise på helgetur med vener. I samtalar med vener argumenterer vi for kvifor éin tv-serie er betre enn ein annan, kvifor dei burde bli med på ein konsert, eller kvifor dei burde bli flinkare til å ete mindre raudt kjøt. Når vi er ueinige, kan det vere fordi det finst gode argument for fleire sider av ei sak. Sjølv om du har gode argument for ei bestemt sak, kan det også finnast gode argument imot den same saka. Derfor er argumentasjon ikkje berre nyttig for den enkelte som ønskjer å vinne fram med synspunktet sitt. Det er også viktig for demokratiet.
Vu
/ZE IV HMR HVEYQIJIVMI#