203
ǡȳǜǣǘǘȨǠ ɜŵ ŵ̷ ǓǘǚȨ ǙȨǥ ǝǥ ȲǠǣ ǤɵǓǚȰ
Diskusjon og debatt HMWOYWNSR
rd er
in g
se k
se m
pl
ar
HIFEXX
Diskusjon og debatt er ulike munnlege situasjonar. Om du synest det er vanskeleg å skilje dei frå kvarandre, er du ikkje åleine. I ein diskusjon argumenterer to eller fleire personar for sitt syn og mot dei andre sitt. Målet er å overtyde dei andre deltakarane i diskusjonen om dette synet. Nokre gonger kjem ein fram til ein felles konklusjon, og andre gonger handlar det om å vinne diskusjonen. Gjennom utveksling og testing av argument lærer vi også mykje om både saka og om kvarandre. Når vi diskuterer, set vi oss inn i perspektiva til andre. Dermed kan vi også få korrigert vårt eige synspunkt, og kanskje kjem vi fram til ei ny forståing av ei sak eller felles løysingar på eit problem. I ein debatt vil også to eller fleire personar kome med argument for sitt syn og mot dei andre sitt, men i ein debatt er målet å overtyde publikummet som høyrer på. Målet med ein debatt er ikkje å kome fram til ein konklusjon, men å presentere dei beste argumenta, slik at publikum kan ta stilling til kva dei sjølv meiner. Når vi ser ein debatt mellom politikarar på tv, er altså ikkje målet deira å bli einige, men at vi som publikum skal få eit innblikk i argumenta for saka deira – og dermed stemme på nettopp dei ved neste val. I eit demokratisk samfunn er vi avhengige av diskusjonar og debattar slik at ulike meiningar kjem fram. Derfor har både debattar og diskusjonar ein viktig demokratisk funksjon, og det å kunne diskutere er viktig for å kunne delta i eit demokrati.
Vu
Har du nokon gong endra syn på ei sak etter at du har lytta til ein debatt?
/V*9 TSPMXMOEV 7MQIR &SRHIZMO J HH Tʟ XEPEVWXSPIR ↦