ǡȳǜǣǘǘȨǠ əŵ ŵǡǢȨǠȰȨȲǚǗǡ ǝǥ ǡǢȨǠȰȨǡǚǣǘǣǡǡ
VIJIVERWIPMWXI
eller liknande. Du skal alltid føre opp ei kjelde når du siterer henne direkte, slik du har sett døme på ovanfor. Det er også lurt å underbyggje påstandar som folk kan vere ueinige i, ved å vise til kjelda du byggjer på. Du treng ikkje å føre opp kjelder når du kjem med informasjon som er allment kjend, men er du i tvil, er det betre å føre opp kjelda enn å la det vere. Dette gjer teksten din meir truverdig, og du unngår å bli mistenkt for plagiat. Du skal vise til kjelda både i sjølve teksten din – akkurat på den staden der kjelda er brukt – og i ei samla liste over kjeldene til slutt i teksten din. Denne lista kallar vi ei referanseliste eller kjeldeliste. Det skal altså vere samsvar mellom kjeldene som står undervegs i teksten din, og i kjeldelista til slutt. Alle kjelder du har brukt, skal ein kunne finne igjen i denne lista.
pl
ar
ONIPHIPMWXI
169
se m
Å lage kjeldeliste
rd er
in g
se k
Kjeldelista skal vere alfabetisk etter etternamnet til forfattaren eller namnet på organisasjonen som står bak kjelda, dersom det manglar forfattar. Alle kjeldene skal stå i den same lista. Vi skil ikkje mellom bøker og internettkjelder. Titlar på heile verk, til dømes boktitlar, skal stå i kursiv. Titlar på delar av verk, til dømes eit dikt, ei novelle, eit eventyr, ein artikkel eller eit kapittel frå ei bok, skal stå i hermeteikn. Nedanfor finn du detaljar om korleis ein skal setje opp ulike kjelder i kjeldelista:
Vu
Kjelder frå bøker forts. I kjeldelista fører du opp bøkene du har brukt, slik: 1 Fullt namn på forfattaren, etternamnet først. Det er nok med den første bokstaven i fornamnet. 2 Årstal for utgiving 3 Tittel på kjelda. Dersom det er ei bok, skal tittelen stå i kursiv. Er det ein artikkel, skal han stå i hermeteikn. 4 Publiseringsstad (by) og namn på forlag (gjeld bøker og liknande som er gitt ut av forlag). Døme med éin forfattar:
Flatland, H. (2011). Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Oslo: Aschehoug.
Døme med to forfattarar:
Garthus, K.M.K. og Schulze, A.-M. (2016). #Nynorsk. Bergen: Fagbokforlaget.