ǥǚǣǜ ǘȨǡǙǘȨǞŵ ŵ Ǚǜǚ̷ǡ
rd er
in g
se k
se m
pl
ar
ikkje alltid samsvar mellom grammatisk og biologisk kjønn: «– Har du møtt legen? – Ja, ho stakk innom.» Sidan den konkrete legen i dette dømet tydelegvis er ei kvinne, synest den som svarar, at det er rart å vise til «han», sjølv om substantivet lege grammatisk sett er eit hankjønnsord. Derfor seier han «ho». Annleis er det når vi skal snakke om legar generelt, for då veit vi ikkje kva det biologiske kjønnet er, og det er dessutan uvesentleg for saka. For å unngå kjønnsdiskriminerande språk, viser vi ofte til «han eller ho» eller til «vedkomande»: «Når ein lege går frå kontoret, skal vedkomande lukke vindauget.» Slik språkbruk kan bli oppfatta som tung, i alle fall i daglegspråket. Det er her hen kjem inn. Etter mønster av svensk ønskjer nemleg fleire å bruke pronomenet hen i norsk når kjønnet på personen er uviktig, eller når vi ikkje veit kjønnet: «Når ein lege går frå kontoret, skal hen lukke vindauget.» Som pronomen høyrer hen til dei ordklassane vi på side 232 kalla for funksjonsord. Desse ordklassane er ganske lukka, fordi det sjeldan kjem nye ord i dei, og fordi dei er mindre påverka av språkkontakt. Dermed skil dei seg tydeleg frå substantiv, verb og adjektiv – det vi har kalla innhaldsord – som er opne for nærast uendeleg med nye ord. Det er altså ikkje så lett å få inn eit nytt pronomen i språket. Likevel er det ikkje umogleg. Det har skjedd før – til dømes fekk engelsk for 1000 år sidan nye pronomen ved å låne they, them og their frå norrønt, altså frå oss. Vi ser då også at somme brukar hen i skrift. Dersom mange nok brukar ordet, og det går inn i daglegspråket, vil det truleg bli akseptert som del av den offisielle rettskrivinga. Korleis skal vi så bøye hen? Det enklaste er å ha hen både som subjekts- og objektsform: «Hen såg hen kome.» Når det gjeld eigedomsform, har det blitt føreslått hens: «Legen opererte kneet hens».
Vu
240
Valfridom i rettskrivinga Vi har valfridom i rettskrivinga på bokmål og nynorsk. La oss sjå litt på nynorsken. I nynorsk kan du velje om du vil bruke e-infinitiv (å skrive), a-infinitiv (å skriva) eller kløyvd infinitiv (å skrive, men å vera). Det er også valfridom mellom pronomenformer som vi og me, de og dokker, og i om ein vil skrive byggje eller bygge, fyrst eller først, ungdomen eller ungdommen. Ønsket om valfridom i rettskrivinga har vore sterkast blant nynorskbrukarar. Mange har vore opptekne av å markere samanhengen mellom dialekten sin og nynorsken. I slike samanhengar fungerer val av rettskrivingsform også som uttrykk for identitet. Blant bokmålsbrukarar har