ǥǚǣǜ ǘȨǡǙǘȨǞŵ ŵ ǦȨǚȰǣǥǤȨǘȨǚ
se k
se m
pl
ar
blir det skapt og delt fleire tekstar enn nokon gong. Blant alle desse tekstane finst det heilt sikkert mange som du kan bruke når du skal utvikle dine eigne idear og tankar, og skrive dine eigne tekstar. Men korleis går du fram for å finne desse kjeldene? Det kan vere lurt å starte med læreboka, til dømes den du les akkurat no. Her kan du finne nyttig fagstoff og sentrale fagomgrep, til dømes kulturmøte, kulturrelativisme og etnosentrisme. Men ikkje stopp der: Leit også etter relevante fagbøker, fagartiklar, rapportar, statistikkar, oppslagsverk og nyheitssaker. Slike kjelder finn du både på skulebiblioteket og på internett. Ikkje ver redd for å bruke tid på å samle stoff – truleg vil det gjere at skriveprosessen både går raskare og blir meir morosam. Når du har funne ei kjelde som du vil bruke, bør du lese strategisk. Begynn med å sjå på innhaldslister og stikkordregister. Då finn du ut om kjelda handlar om det du treng kunnskap om. Deretter kan du skumlese for å sjå om innhaldet er relevant for oppgåva di. Sjå etter viktige stikkord og fagomgrep. Nokre gonger kan vi finne informasjon som vi ikkje venta å finne, men som likevel kan vere nyttig. Derfor er det lurt å lese med eit vakent og nysgjerrig blikk.
rd er
in g
Kva slags kjelder kan vere nyttige når du skal skrive fagartikkel SQ IMR WTIPIƼPQ#
Å gjere gode kjeldesøk på internett Sjølv om du kan finne mykje nyttig informasjon i læreboka og andre skriftlege kjelder, må du som regel også søkje etter kjelder på internett. Vi må hugse at internett inneheld enorme mengder informasjon, og at kven som helst kan publisere innhald på nettet. Folk kan ha ulike føremål med den informasjonen dei legg ut, og det er ikkje alltid så lett å vurdere om ein nettstad er ei god og påliteleg kjelde. Mange upålitelege kjelder kan sjå truverdige ut ved første augekast. Dersom du besøker ein nettstad du ikkje kjenner frå før, bør du undersøkje han kritisk: Har nettstaden ein ansvarleg redaktør, og er det tydeleg kven som har produsert innhaldet? Er avsendaren ein kjend organisasjon eller person som har kompetanse innanfor temaet? Står det nokon dato for når dei ulike sakene er publiserte første gong? Er tekstane skrivne i eit sakleg og nøytralt språk, og inneheld dei kjelder? Dersom du kan svare ja på desse spørsmåla, er nettstaden truleg ei seriøs og påliteleg kjelde.
Vu
162