kapittel 4
1920–1945: arbeidarar, kvinner, draumar og krig
89
dikta til Jacobsen har utan tvil futuristiske trekk. Etter kvart går likevel Jacobsen bort frå dette, og i dei fleste dikta hans er forholdet mellom menneske, natur og teknologi noko som blir problematisert. Dikta «Fedreland» og «Byens metafysikk» viser nokre tendensar: I Noreg skreiv dei aller fleste tradisjonelle dikt i perioden 1920–1945, men enkelte eksperimenterte meir med forma. Jacobsen er eit godt døme på det. Innhaldsmessig er det typisk at ein del skreiv om det som då var det moderne livet: byen, teknikken og arbeidarane.
Realisme og modernisme i den episke diktinga Dei første tiåra av 1900-talet kallar vi ofte for nyrealismen, og meiner med det at mange forfattarar skreiv i tradisjonen etter Ibsen, Skram og Kielland: Dei framstilte verkelegheita på ein realistisk måte, og dei var samfunnskritiske. Det som var nytt i nyrealismen, hang saman med den kulturhistoriske konteksten. Der Ibsen skreiv om problem i borgarskapet, var nyrealistane opptekne av fabrikk arbeidarar, gruvearbeidarar og kontorfolk – og mange skreiv om kvinner. I tillegg var ein del av dei opptekne av å utforske ulike fellesskap, som slekt, klasse, religion og historie. Men samtidig som den realistiske tradisjonen stod sterkt, blei det også skrive enkelte romanar med meir modernistisk form og innhald. Vi skal no sjå nærare på to romanar som kan vise desse to tradisjonane: Kransen av Sigrid Undset og Week-end i evigheten av Gunnar Larsen.
Vu r
de
rin
gs
ek s
em
pl ar
nyrealisme
Nyrealismen og etiske spørsmål Nyrealismen blir også kalla den etiske realismen. Det er fordi den realistiske litteraturen frå denne perioden ofte tek opp og diskuterer etiske problemstillingar knytte til det å leve i ei moderne verd med ny teknologi, nye samfunnsklasser, klasseforskjellar og meir fridom for enkeltmennesket. Forfattarane skildrar ofte etiske val som menneska må ta, og dei er opptekne av korleis desse vala kan komme i konflikt med dei behova som fellesskapet eller slekta har. Dette dilemmaet er nettopp det Kristin Lavransdatter står i.
200452 GRMAT Grip teksten VG3 210501.indb 89
08.03.2022 11:56