1 minute read

postmodernistisk film

Frå filmen Pulp Fiction (1994) av Quentin Tarantino

metafiksjon Pulp Fiction – ein postmodernistisk film Ein film som har ei rekkje postmodernistiske trekk, er Pulp Fiction (regi: Quentin Tarantino, 1994). Det er ein gangsterfilm med ei rekkje handlingstrådar som i starten ikkje ser ut til å henge saman, men som til slutt blir vikla inn i kvarandre. Filmen hoppar også fram og tilbake i tid, og er altså ikkje kronologisk fortald. Alt dette får oss som ser filmen, til å tenkje at dette er konstruert og laga til, og dette er noko postmoderne kunst er oppteken av: Forfattarar og regissørar trur ikkje at dei kan «lure» oss til å tru at dei etterliknar verkelegheita. Å vise fram fiksjonen, altså tydeleggjere at det er snakk om noko som er dikta opp, blir kalla metafiksjon. Både postmoderne filmar og litteratur har ofte eit slikt metaperspektiv. Vurderingseksemplar

Hovudrolleinnehavaren, John Travolta, var før Pulp Fiction mest kjend for å ha spela i den enormt populære dansefilmen Saturday Night Fever (1977). Når Travolta dansar på nytt i Pulp Fiction, blir det eit nikk tilbake til den filmen. ↦

This article is from: