
1 minute read
«Fedreland» og vår eiga tid?
from 9788203405990
progressiv: positiv til framsteg og reformer landet, og verda vår, den grå, røykfulle og tettbudde byen, er like viktig som nasjonalromantiske fjordlandskap! Vi er også ekte nordmenn!» Naturen er berre til stades i diktet som noko ein lengtar etter, den er meir som ein draum enn ei verkelegheit. Samfunnet som blir skildra, er delt. Det finst eit «vi» i diktet, eit fellesskap som står i motsetnad til dei som har hatt ein privilegert posisjon og makt. Det er ikkje lenger berre eliten som skal få definere kva Noreg er og skal vere.
Tankane som kjem fram i diktet til Nilsen, var nye og progressive i 1925. Men er diktet forma på ein nyskapande måte? Nei, modernistisk fri form, den typen som Obstfelder skreiv, er ikkje brukt. Nilsen har skrive eit regelbunde dikt med enderim. Forma er altså tradisjonell. «Fedreland» viser oss at forfattarar og kunstnarar framleis kunne vere opptekne av å definere «det norske», men at den nasjonalromantiske idylliseringa av bønder og natur no blir utfordra. Noko nytt har nemleg skjedd: Arbeidarklassen og byfolk har fått ein posisjon i samfunnet. Klassekamp Ifølgje økonomen og filosofen Karl Marx (1818–1883) er historia kjenneteikna av ein kamp mellom ulike sosiale klassar. Marx meinte at i eit industrialisert samfunn vil kampen stå mellom to klassar: kapitalistane/borgarskapet og arbeidarane. Kapitalistane var dei som eigde produksjonsmidla, altså som oftast fabrikkane. Arbeidarane var dei som stod for produksjonen, og som altså utførte det fysiske arbeidet. I Noreg var det ei rekkje konfliktar mellom arbeidarar og kapitalistar tidleg på 1900-talet, og dei kom ofte til uttrykk gjennom streikar og lockoutar (arbeidsstans som ein arbeidsgjevar eller ei arbeids-Vurderingseksemplar gjevarforeining set i verk for å få gjennom krav i ein arbeidskonflikt).
«Fedreland» og vår eiga tid? Med utgangspunkt i vår eigen samtidskontekst kan ein fort tenkje at diktet «Fedreland» har blitt uaktuelt. Det er ikkje like lett å definere arbeidarklassen, og «arbeidarar» er ikkje så sentrale i samfunnet som dei var tidleg på 1900-talet. Men framleis slit mange i yrke med dårlege arbeidsforhold og låg sosial status. Også i vår tid er det mange som har eit ønske om å få vere ein del av Noreg, og som utfordrar kva