1 minute read

Arbeidsstoff

Next Article
Engelsk i norsk

Engelsk i norsk

Du kan lese om essay på side 227–237.

Oppsummeringsspørsmål

1 Kva er skilnadene mellom ein dialekt, ein sosiolekt og ein etnolekt? 2 Kva er hovuddialektane i norsk? 3 Nemn dei viktigaste målmerka i norske dialektar. 4 Kva slags endringstendensar er det vi ser for dei ulike målmerka? 5 Kva er årsakene til at det skjer utjamning i norske dialektar? 6 Kva er skilnaden mellom dialektveksling og dialektblanding? 7 Kva er det som kjenneteiknar ein norskuttale som er farga av andre språk? 8 Kvifor er det lite sannsynleg at norsk på kort sikt blir erstatta av engelsk som talespråk? Oppgåver 1 Standardtalemål eller dialekt? Lag ein gruppediskusjon Skal dialektane kunne brukast overalt i samfunnet, eller bør vi ha eit standardtalemål? Diskuter i klassen eller i mindre grupper. Vel ein møteleiar. 2 Undersøk dialektane i klassen Vel to dialektar som er representerte i klassen eller blant lærarane. Vel ut dei viktigaste målmerka. Peik på nokre aktuelle endringstendensar. De kan til dømes ta utgangspunkt i ei aktuell dialektendring og diskutere kva som er årsakene til endringa. Lag ein forskingsplakat med presentasjon av funna. 3 Skriv eit essay om dialektar Samfunnsdebattanten Sanna Sarromaa hevdar i VG 6. mai 2021 at «Dialekter er djevelens verk» (sjå side 467). Skriv eit essay der duVurderingseksemplar reflekterer over påstandane ho kjem med i kronikken. Du kan også trekkje inn andre tekstar.

4 Finn dialekttrekk i ein song

Vel ein songtekst på dialekt, til dømes av Gabrielle, Tønes, Kamelen, Daniel Kvammen eller andre. Gjer greie for ulike målmerke i teksten. Vurder om du ser eller høyrer nyare dialektutviklingstrekk i teksten. Presenter for klassen eller skriv ein kort fagtekst.

5 Lag ei liste over engelske ord

Du skal forklare reglane i eit dataspel for to pensjonistar utan å bruke engelske ord som dei ikkje forstår. Lag ei liste over nokre ord du må omsetje.

This article is from: