
1 minute read
Uttale av konsonantar
from 9788203405990
Uttale av konsonantar Mange av målmerka i norsk er knytte til uttalen av konsonantane. Her finn du dei viktigaste:
Målmerke Kjenneteikn Døme Utbreiing og nyare tendensar
Tjukk l Blir uttalt ved at ein hevar bakdelen av tunga samtidig som tungespissen slår mot «munntaket» framme i munnen.
Lys l Finst i eller på slutten av ord som har l eller rd, til dømes Ola, sol og jordbær. Finst ikkje i starten av eit ord. Tradisjonelt i austnorsk, trøndsk og i store delar av Nordland. Finst ikkje i resten av landet, med unntak av romsdalsk. Bruken har minka og er blitt meir variasjonsprega dei siste tiåra.
Samanfall av to ulike l-uttalar. Blir uttalt med tungespissen framme i ganen. Samanfall av l-uttalen i liten/ sel og l-uttalen i ball/bål. Kjent frå Østfold. Har dei siste åra slått gjennom blant unge i Oslo.
Retrofleksar Ei samansmelting av tungespiss-r (den r-en som ikkje er skarre-r) og andre fremre konsonantar (som t, d, n, s og l). Samansmelting i ord som surt, ferdig, gardin og barnevern. Finst i det same området som har tjukk l, men også i Troms og Finnmark. Er på frammarsj særleg blant yngre nord på Vestlandet, det vil seie der dei ikkje har skarre-r.
Skarre-r Blir uttalt med baktunga bøygd langt bak, nesten mot drøvelen. Skarringa kjem av at drøvelen vibrerer, men det er skilnader mellom dialektane i kor mykje han vibrerer.
Som i Bergen. Blir brukt i store delar av Agder, Rogaland og Hordaland, og er på frammarsj i Sogn og Fjordane. Dialektane nord på Vestlandet som har retrofleksar, ser ut til å ikkje få skarre-r. AustlendingarVurderingseksemplar og trønderar får heller ikkje skarre-r fordi dei har retrofleksar.