
1 minute read
dialektblanding
from 9788203405990
dialektveksling
dialektblanding
knoting ↤ Ingen regel utan unntak. Ingerid Stenvold i NRK er blant dei som har fått unntak frå regelen om å snakke standardtalemål som programleiar i Dagsrevyen.
Likevel er det reglar i NRK om at nyheitsopplesarar skal snakke normert nynorsk eller bokmål. Nokre nyttar eit slags standardtalemål i visse situasjonar eller roller fordi dei ønskjer eit språk med det dei meiner har høgare prestisje enn det dei vanlegvis brukar. Tenk deg at du skal halde ein tale for kongefamilien. Kva slags variant av talespråket ville du då ha brukt? Grunngi svaret ditt. Dialektveksling og dialektblanding I nokre familiar blir det brukt ulike dialektar, fordi familien har flytta på seg, eller fordi foreldra har kvar sine dialektar. I løpet av skulealderen er det likevel mest vanleg at ungane tek i bruk den dialekten som dei andre ungane i nærmiljøet brukar. Kvifor trur du innflyttarbarn vanlegvis ikkje vil bruke dialekten til foreldra når dei er i skulealderen? Nokre driv med dialektveksling, som vil seie at dei snakkar ulike dialektar i ulike situasjonar. Dei kan til dømes ha éin dialekt når dei Vurderingseksemplar snakkar med foreldra, ein annan dialekt når dei snakkar med venene sine, og kanskje ein tredje dialekt når dei snakkar med slektningar som bur ein heilt annan stad i landet.
Veit du om folk som vekslar mellom ulike dialektar? I kva samanhengar vekslar dei?
Dialektblanding kan vi av og til høyre frå folk som prøver å leggje om frå éin talespråkvariant til ein annan. Slik blanding blir ofte kalla knoting og er som regel negativt vurdert (sjå side 468).