
1 minute read
ekte og autentiske?
from 9788203405990
KAPITTEL 6 1980–i dag: Frå ironi og metafiksjon til det ekte og autentiske?
I dette kapittelet kan du
• lære om, lese og tolke tekstar frå om lag 1980 og fram til i dag og reflektere over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og vår eiga samtid • utforske og reflektere over korleis tekstar frå denne perioden framstiller menneske, natur og samfunn • lære om og reflektere over postmodernismen Tenk deg at du er forfattar eller filmregissør. Kva tema frå vår tid meiner du er så aktuelle og viktige at du ville ha teke dei opp i bøkene eller filmane dine? Viktige historiske hendingar i perioden 1981: Gro Harlem Brundtland (Ap) blei den første kvinnelege statsministeren i Noreg. 1981: NRK-monopolet blei oppheva, og mange kunne få inn fleire radio- og tv-kanalar. 1981: Noreg fekk den første reine høgreregjeringa på 50 år. Vurderingseksemplar 1984: Det første prøverøyrsbarnet i Noreg blei fødd. 1983–1987: Jappetida førte til at mange blei rike på aksjar. 1993: Noreg fekk internett, og stadig fleire skaffa seg heime-pc. 1993: Partnarskapslova blei vedteken. 1994: Det norske folket sa nei til medlemskap i EU. 1998: Den norske oljeformuen blei rekna til å vere på 1 billion kroner. 2007: Facebook blei etablert i Noreg. 2008: Den første iPhonen blei lansert i Noreg. 2011: Anders Behring Breivik gjennomførte ein terroraksjon mot regjeringskvartalet og Utøya og drap til saman 77 menneske. 2020: Koronapandemien førte til ei nedstenging av samfunnet.