
2 minute read
Kvifor endrar dialektane seg? Korleis spreier
from 9788203405990
Stortingsrepresentant Mathilde TybringGjedde (fødd 1992) er blant dei som brukar lys l. ↦
indre forklaringar
analogi Kvifor endrar dialektane seg? Vi kan skilje mellom indre og ytre forklaringar på dialektendringar. Med indre forklaringar meiner vi at dialektendringar kjem av indre drivkrefter i språket sjølv Det er nemleg eit behov hos oss språkbrukarar for å sjå system i språket. Når mange barn bøyer preteritum av verbet gå som gådde, brukar dei det systemet dei har lært for å bøye svake verb, før dei etter kvart lærer seg kva for verb som er sterke, og kva for verb som er svake. Dersom systemforenklingar som gådde skulle bli varige, er det tale om ei endring. At preteritumsforma svam for lenge sidan vart til svømte, er eit døme på ei slik endring. Vi snakkar Vurderingseksemplar her om analogi (som er gresk og tyder likskap). Det går ut på at eit ord får ei form som er påverka av meir brukte former i språket.
Eit aktuelt døme på analogi er samanfall i uttalen av to l-lydar. Dei fleste av oss uttalar nemleg l-en ulikt i starten og slutten av eit ord, til dømes i ord liten og ball. Unntaket har vore Østfold der uttalen har blitt lik, og vi har fått nemninga «østfold-l». Dei seinare åra har samanfallet også slått gjennom blant yngre i Oslo. Denne lyse l-en er ikkje ny i Oslo, men dei som brukte den, fekk høyre det var barnespråk, talefeil eller østfolddialekt. Språkforskarar har peika på at det her er ei systemforenkling som har gått føre seg over lang tid, men som først har fått gjennomslag dei siste åra.
ytre forklaringar

tilpassing
naboopposisjon Ytre forklaringar på dialektendringar går ut på at det er samfunnsutviklinga som først og fremst påverkar språkutviklinga. To faktorar i denne samanhengen er mobilitet og språkkontakt. Folk flyttar på seg, reiser meir og bur på ulike stader. Bruer, tunnelar og mobiltelefon gjer avstandar mindre. Det blir tettare kontakt mellom folk som snakkar ulike dialektar. At fleire arbeider i serviceyrke eller kontoryrke, gjer at det å snakke med andre med ulike dialektar er ein viktig del av arbeidsdagen for mange. Tilpassing er nøkkelordet for mange av dei språkendringane som kjem av ytre årsaker. Vi tilpassar oss likevel ikkje kven som helst. ↥ Vi har ein tendens til å tilpasse oss folk vi føler fellesskap med. Det gjeld aktivitetar, klesstil, samtaletema og måten vi snakkar på. Vurderingseksemplar Vi gjer det helst overfor folk vi ønskjer å bli forstått av eller godkjende av, til dømes ein arbeidsgivar, eller folk som vi vil identifisere oss med. At ein uttalemåte har status, heng altså saman med at dei som brukar forma, har sosial status. Det handlar med andre ord om sosial prestisje.
Det motsette av tilpassing er å markere sitt eige talespråk endå tydelegare. Då kan vi få naboopposisjon. Døme på det er at folk i Vennesla ikkje vil snakke som i den lokale storbyen Kristiansand – dei held til dømes på pronomenet «dykken» og ikkje «dere».