
1 minute read
Bøying
from 9788203405990
Bøying Det mest sentrale grammatiske målmerket i norsk er infinitivsendinga, altså den endinga verbet har i former som vi kan setje å framfor, til dømes å vere og å bite.
Målmerke Kjenneteikn Døme Utbreiing og nyare tendensar
Infinitivsending
A-infinitiv Har a-ending i infinitiv av verb å vera, å bita Vestlandsk frå vest i Agder til og med Sogn i Vestland fylke. Bergen er unntak i dette området med e-infinitiv.
E-infinitiv Har e-ending i infinitiv av verb å vere, å bite Sørlandet aust for Lista, Bergen, Nordvestlandet, Troms og Finnmark. Er på frammarsj i austnorsk.
Kløyvd infinitiv Ulike infinitivsendingar for ulike typar verb. Fordelinga er historisk bestemt. Austnorsk: å væra/ baka, men å bite/kaste Trøndsk: å vårrå/ båkkå, men å bite/kaste Finst tradisjonelt i austnorsk og trøndsk. Har vore på retur dei siste åra. I austnorsk får vi i fleire tilfelle e-infinitiv over heile linja. I trøndsk får vi variantar med apokope (sjå nedanfor).
Kløyvd infinitiv med apokope Den eine typen verb har infinitiv med a eller å, den andre har inga infinitivs-ending. å væra, men å skriv
Finst i fleire trøndske dialektarVurderingseksemplar Apokope Infinitivsendinga i verb fell vekk (frå gresk for ‘borthogging’) å vær og å bak Vanleg i Trondheim og er på frammarsj i andre trøndske dialektar der han tek over for kløyvd infinitiv. Finst i mesteparten av Nordland.
Kva for infinitivsendingar brukar foreldra dine? Og kva for endingar brukar du?