
1 minute read
Dialektane og standardtalemålet Dialektveksling og
from 9788203405990
etnolektar
multietnolektar
standardtalemål Etnolektar er variantar av talespråket som markerer etnisitet. Dette vil seie at talespråket er eit kulturelt kjenneteikn på ei folkegruppe. Historisk kjenner vi etnolektar frå den samiske uttalen av norsk. Når språket blir prega av at folk med fleire språk brukar det, snakkar vi gjerne om multietnolektar (multi kjem frå latin og tyder ‘fleire’). Det blir meir om det seinare i kapittelet. ↥ – Ska dåkkår ha pylsa? spør pølseseljaren på «gadespråg». Paret svarar på det som blir kalla «Egenes-stavangersk». I Stavanger var det eit sosiolektskilje mellom dei som snakka «pent», og arbeidarklassen. Karikatur frå Stavanger Aftenblad (2013)Vurderingseksemplar Dialektane og standardtalemålet Noreg blir kalla eit dialektparadis. Her kan du snakke dialekten din ikkje berre blant vener, men også til politiet, på Stortinget og i arbeidslivet. I andre europeiske land har det vore vanleg å gå over til eit standardtalemål i slike situasjonar, ja, til og med når ein skal handle på butikken.
Eit standardtalemål har vanlegvis utvikla seg på grunnlag av eit skriftspråk og byggjer som regel på talespråket til ein sosial og kulturell elite i hovudstaden. Standardtalemålet får ofte status som ei «nøytral» form av talespråket. I Noreg har vi ikkje eit offisielt standardtalemål.