
1 minute read
Oppsummering
from 9788203405990
Vi har i løpet av dei siste tiåra, særleg frå 1970-åra og framover, fått ein allmenn aksept for å bruke dialektar i dei fleste situasjonar i Noreg. På den andre sida har vi fått ei utjamning i dialektane. Mange lokale dialekttrekk har forsvunne, og skilnadene mellom dialektane har blitt mindre.
Samtidig har sjølve talespråksituasjonen i Noreg blitt meir mangfaldig gjennom fleire variantar av norsk og ved at fleire språk er i dagleg bruk i samfunnet. Sjølv om den norske dialektsituasjonen er spesiell, med stor toleranse for dialektbruk, er variasjon i talespråket normalt for alle språk. Det høyrer du lett når du samanliknar uttalemåtar av engelsk i teater, film og hiphopkulturen. At det oppstår endringar i talespråket, kan skuldast både indre (språkinterne) og ytre (språkeksterne) årsaker. At endringane spreier seg til andre språkbrukarar, har alltid ytre årsaker. Språkleg variasjon er ein føresetnad for at talespråket endrar seg. Men verken variasjon eller nye språktrekk treng å føre til varige endringar av språket. Vi veit ikkje alltid kva som blir det endelege resultatet av endringane i talespråket. Vurderingseksemplar