
1 minute read
Talespråk og skriftspråk
from 9788203405990
Eid! Seff!
Serr? Chill!
Wtf!
sosial identitet Den sosiale identiteten går ut på at ein person kjenner seg som del av eit større sosialt fellesskap. Ella Marie Hætta Isaksen uttrykkjer det slik: «Det nordsamiske språket er min viktigste identitetsmarkør. Så når språket mitt trues, så opplever jeg at hele min identitet – hele meg – er under angrep.» På kva måte uttrykkjer talespråket ditt identiteten din? Talespråk og skriftspråk Slang verkar inkluderande for dei som er med i gruppa, men eksluderer dei som ikkje forstår språket som blir brukt. Bladet Vi over 60 publiserte ei tenåringsordbok for besteforeldre, mellom anna med desse uttrykka. Vurderingseksemplar Eit viktig skilje går mellom talespråk og skriftspråk. Talespråket er det første språket vårt. Vi lærer det samtidig som vi knyter sosiale band til familie og vener. Som vi var inne på i kapittel 12, er talespråket heile tida i endring, og det er prega av stor variasjon.
Skriftspråket lærer vi vanlegvis i skulen. Skriftspråket er meir konstant; det endrar seg sakte og er styrt av rettskrivingsreglar. Desse reglane gjer at vi kan seie at noko er «rett» eller «feil» i skriftspråket, og vi kan lettare styre skriftspråket enn talespråket.
Har du døme på feil i skriftspråket som ikkje blir feil i talespråket?