
1 minute read
Nordahl Grieg – krigsjournalist og diktar
from 9788203405990
Les heile «Du må ikke sove» på Aunivers.no.
Forfattaren Nordahl Grieg deltok i det norske flyvåpenet i Storbritannia under den andre verdskrigen. Grieg er nummer to frå høgre. ↦ Jeg skaket av frost. Jeg fikk på meg klær. Ute var glitrende stjernevær.
Bare en ulmende stripe i øst varslet det samme som drømmens røst:
Dagen bakenom jordens rand steg med et skjær av blod og brann, steg med en angst så åndeløs, at det var som om selve stjernene frøs!
Jeg tenkte: Nu er det noget som hender. –Vår tid er forbi – Europa brænner!
Diktet sluttar med at det lyriske eg-et ser sola stå opp, men denne sola er ikkje livgivande og varm. Diktet er ei sterk åtvaring om at noko grufullt kjem til å skje, om vi då ikkje vaknar opp og gjer noko med det. Nordahl Grieg – krigsjournalist og diktar Nordahl Grieg (1902–1943) var ein forfattar som ikkje berre skreiv, men som også var med på dramatisk vis i krigen. I 1943 var han med som journalist på eit bombetokt over Berlin, men flyet blei skote ned, og Grieg døydde. Før dette rakk han å bli veldig populær i Noreg, mykje på grunn av dikta han las på dei norske radiosendingane til BBC under krigen. Dette var dikt som oppmoda om samhald og motstand mot tyskarane. 9. april 1940 angreip Tyskland Noreg. Korleis ser du føre deg feiringa av 17. mai dette året? Vurderingseksemplar