
3 minute read
Arbeidsstoff
from 9788203405990
I kapittel 10 finn du fleire tips til korleis du kan skrive essay.
Oppsummeringsspørsmål
1 Nemn nokre kjenneteikn på postmodernistisk kunst og litteratur. 2 Kvifor kan vi seie at romanen L av Erlend Loe både er ironisk og ein parodi? 3 Kva kjenneteiknar språket i skodespela til Jon Fosse? 4 Mange meiner at romanen Kjærlighet av Hanne Ørstavik viser eit sentralt trekk ved litteraturen i 1990-åra. Kva for eit trekk er det? 5 Kva slags etiske spørsmål blir ofte reiste når vi snakkar om verkelegheitslitteratur? Oppgåver 1 Masker og overflater vs. det ekte og autentiske? Skriv eit essay Les utdraget frå Homo falsus (1984) på side 137 og side 138. Utdraget handlar om å leike med ulike identitetar og roller. Mange andre tekstar frå litteraturhistoria og vår tid reflekterer også over identitetsspørsmål: Kven er vi? Skriv eit essay der du utforskar kva identitet eigentleg er. Kven er vi? Har vi ein fast kjerne? Kan vi skifte identitet? Tekstar du kan bruke: Henrik Ibsen: laukscena frå Peer Gynt (side 334), Aksel Sandemose: «Barndom» (side 385), Paal Brekke: «Der alle stier taper seg». Du finn dette diktet på Aunivers.no eller på nettsidene til Nasjonalbiblioteket (www.nb.no). Tips til vinklingar: Vurderingseksemplar
Mange meiner det er viktig «å vere seg sjølv». Men kva ligg i det?
Er vi oss sjølve i kvardagen og slik vi presenterer oss i sosiale medium?
Er nokon meir seg sjølv enn andre? Kven og kva er med på å forme identiteten vår?
2 Diskusjon: Verkelegheitslitteratur – etisk tvilsamt eller full fridom til kunsten?
Fleire av bøkene som blir rekna som verkelegheitslitteratur, har skapt debatt. Les om verkelegheitslitteraturen på side 144 og i andre kjelder. De kan også lese utdraget frå romanen Neiden 1970 (2015) av
Ingeborg Arvola (side 431) og Dette livet eller det neste (2017) av Demian Vitanza (side 440). Kva spørsmål er det interessant
I kapittel 7 kan du lese mer om samansett tekst.
å diskutere i samanheng med verkelegheitslitteraturen? Kva spørsmål om etikk og moral er relevante? a) Del klassen inn i grupper på fem og fordel desse rollene: ein ordstyrar, to som er skeptiske til verkelegheitslitteratur, to som tilhengjarar av verkelegheitslitteratur. b) Set dykk inn i dei to sidene ved å søkje på nettet. Tips: Lars Fr.H.
Svendsen og Toril Moi er to ekspertar som har ulike syn på saka. c) Ordstyraren lagar ei innleiing og presenterer hovudspørsmåla. Deretter får deltakarane diskutere saka. Bruk døme frå tekstane de har lese.
Til slutt kan ordstyraren samle trådane: Er det mogleg å bli einige?
Tips til diskusjonsdeltakarane: • Vurder den retoriske situasjonen: Kva er det påtrengjande problemet? Kven er publikum? Kva rammer har situasjonen? • Jobb med argumenta (påstand – belegg – heimel). • Dei retoriske appellformene (etos, patos og logos): Korleis kan du overtyde diskusjonspartnaren din? • Ikkje gløym å vere ein god lyttar.
Fordjuping 3 Skriv ein fagartikkel: krim – menneske og samfunn Krim er ein populær sjanger innanfor skjønnlitteratur i dag. Søk på nettet, snakk med ein lærar eller ein bibliotekar for å finne ein krimroman du har lyst til å lese. Les boka og skriv ein fagartikkel der du gjer greie for korleis samfunnet og hovudpersonen blir framstilt. I kva grad kan romanen seiast å vere samfunnskritisk? 4 Lag ein samansett tekst om sakprosabøker i vår tid Kan ein ta temperaturen på eit samfunn ved å sjekke ut kva som står i utstillingsvindauga til bokhandlarane? I denne oppgåva skal du Vurderingseksemplar undersøkje kva det blir skrive om i sakprosabøkene i vår eiga tid.
Undersøkinga di skal ende opp i ein samansett tekst der du presenterer nokre tendensar innanfor norsk sakprosa i dag. a) Søk på nettsidene til forlaga. Kva for sakprosabøker har kome ut det siste året? b) Plasser bøkene i tre kategoriar: demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling. c) Er det nokon tema som er tydelegare enn andre? d) Kva seier det om samfunnet i dag? e) Presenter funna dine som ein samansett tekst.