2 minute read

om grisen

Forma på diktet er ganske tradisjonell, med enderim og leik med lydar på ein barneregleaktig måte: «lille bille». Hansen refererer også til «Til min gyldenlakk» av Henrik Wergeland, eit kjent dikt frå romantikken. Men der romantikarane såg på naturen som noko guddommeleg, er merksemda no retta mot at denne billa er utryddingstruga. Ho er i ferd med å forsvinne, og skulda blir i diktet lagd på «profitten». Det er altså vi menneske, samfunnet som heile tida styrer mot økonomisk profitt, som er skuld i at lindepraktbilla kjem til å forsvinne. Det hyllande blikket som var så typisk for romantiske diktarar, er borte, og vi sit att med eit dikt som peikar på at noko er gale i naturen. Kanskje kan slike dikt få oss til å sjå på naturen med eit nytt blikk eller til å ville finne ut meir om lindepraktbilla?

Kan dikt og annan skjønnlitteratur om klima og miljø påverke oss på andre måtar enn kronikkar, lesarinnlegg og andre sakprosatekstar? Naturen i sakprosa – Litt som oss. En fortelling om grisen Det har alltid blitt skrive om dyr, men dei siste åra har dyrevelferdsperspektivet blitt tydelegare. Mange sakprosabøker om dyr, både for barn og vaksne, har kome ut dei siste åra. Ofte vil desse bøkene få oss til å respektere og setje pris på dyr vi kanskje ikkje har tenkt på at er så viktige. I denne kategorien finn vi boka Litt som oss. En fortelling om grisen (2020) av Kristoffer Hatteland Endresen (fødd 1983). Ideen til boka kom då han las ein nyheitsartikkel på Facebook der det stod at det no var fleire griser enn menneske i Rogaland. Vurderingseksemplar

Kva assosiasjonar får du når du tenkjer på griser?

Med dette startar forfattaren på ei reise der han kombinerer faktakunnskap om evolusjon, antibiotika og religion med eigne observasjonar og refleksjonar på ein essayistisk måte. Han bestemmer seg nemleg for å finne ut korleis grisene har det, og korleis det er å vere grisebonde i dag. Den første gongen han får vere med inn og sjå på grisene, er ein dag midt i grisinga – altså perioden der grisungane blir fødde. Endresen blir spurd om han vil halde ein liten grisunge:

Jeg legger ungen til rette, med hodet hvilende i albuekroken og magen mot underarmen – omtrent som jeg ville gjort med et spedbarn. Den lager ikke lyd, men den er åpenbart preget av frykt. Kroppen skjelver, og hjertet hamrer under ribbeina. Jeg stryker den lett over ryggen og kjenner kulene fra ryggsøylen gjennom den nakne huden. Det er ikke mer enn en uke siden jeg var på sykehuset og tok imot min egen sønn. Det er trolig det som er bakgrunnen for den påtrengende omsorgen jeg plutselig føler for den nyfødte, menneskelignende skapningen. Jeg forsøker å riste det av meg ved å si innvendig: «Jeg skal spise deg.» Men jeg får liksom ikke setningen ut – ikke engang i tankene. Vurderingseksemplar

This article is from: