1 minute read

Oppsummering

Nekrologen som Knut Hamsun skreiv til Adolf Hitler, stod på trykk i Aftenposten 7. mai 1945. ↦

nekrolog: ein tekst, vanlegvis i ei avis, til minne om ein nyleg avdød person millionar av menneske blei drepne, ikkje ein politikar som gjennomførte reformer. Nekrologen er hyllande og slår utan tvil fast at Hamsun set Hitler høgt. Bør vi berre lese litteratur som er skriven av menneske med god moral og «korrekte» meiningar? Er det mogleg at forfattarar med dårleg moral og dårlege haldningar likevel kan skrive gode bøker? Oppsummering Den realistiske tradisjonen stod i perioden 1920–1945 samla sett sterkare enn den modernistiske, men både i lyrikken og den episke diktinga finn vi nyskapande og modernistiske tekstar, som tekstane til Rolf Jacobsen og Gunnar Larsen. Felles for alle tekstane vi har presentert i dette kapittelet, er det at dei på ulike måtar seier noko om tida dei blei til i. Rudolf Nilsen viser Vurderingseksemplar at mennesket er ein del av noko større, klassen sin, og skriv om arbeidarar som vil ha meir å seie i samfunnet. Sigrid Undset ser med eit ambivalent blikk på den nye tida: Det er bra at kvinnene får meir fridom, men samtidig meinte ho at menneska var i ferd med å miste den moralske rettesnora. Helge Ingstad hylla naturen som «det ekte», ein stad der ein kunne sleppe bort frå det hektiske, moderne bylivet, medan dikta til Rolf Jacobsen i større grad problematiserte det vanskelege forholdet mellom naturen og det menneskeskapte. Viktige tankar i tida, som teoriane til Freud om det umedvitne, blei også uttrykt i tekstar desse åra. Kamplyrikken hadde som mål å påverke eit samfunn som var truga av ytterleggåande krefter.

This article is from: