
1 minute read
Oppsummering
from 9788203405990
Du kan lese eit lengre utdrag frå Litt som oss. En fortelling om grisen på Aunivers.no. Endresen samanliknar her grisen med eit menneskebarn, og det får oss kanskje til å tenkje på kor like dei er oss, at både menneske og griser er levande, tenkjande skapningar.
Det er ikkje godt å vite kva litteraturhistoriebøker hundre år fram i tid vil seie om vår tid. For oss i dag kan det likevel sjå ut som om iallfall to tendensar peikar seg ut: Verkelegheitslitteraturen står sentralt, og klima og berekraft er viktige tema. Framleis skriv forfattarar i både den realistiske og modernistiske tradisjonen. I romanar og noveller er nok den realistiske forma oftast å sjå, medan den modernistiske forma er vanlegare i lyrikken. Mange forfattarar blandar også element frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen når dei skriv. Den siste ismen vi har valt å skrive om, postmodernismen, er ei retning som framleis er aktuell fordi vi stadig ser spor etter henne i ulike tekstar. Heilt til slutt kan vi nok driste oss til å seie at både Georg Brandes og den unge Knut Hamsun kunne funne sine favorittar om dei hadde landa med tidsmaskinene sine i starten av 2020-åra: Nokre tekstar set samfunnsproblem under debatt, andre set enkeltindividet og det umedvitne sjelelivet i sentrum – og ganske mange forfattarar prøver å få oss til å forstå at vi må gjere noko drastisk for å ta vare på naturen vi kanskje har teke for gitt. Vurderingseksemplar
↤ Denne annonsen er henta frå nettsidene til
Kolonihagen. Seier annonsen og boka til Endresen noko som kan seiast å vere typisk for vår tid?