
2 minute read
sosiolingvistisk eksperiment
from 9788203405990
Fordjuping til kapittel 13: Utfør eit sosiolingvistisk eksperiment
I denne oppgåva skal de utføre eit sosiolingvistisk eksperiment. Deltakarane skal lytte til opptak av ulike talespråk og vurdere desse talespråka. Det deltakarane ikkje veit, er at det er den same personen som snakkar heile tida, men at han eller ho endrar talespråket sitt mellom kvart opptak. Det vi kan bruke ein slik test til, er å utforske korleis ein person blir vurdert ut frå talespråket. Oppgåva går ut på å gjere følgjande:
a) Lag eller vel ein kort tekst som skal lesast opp. b) To personar med ganske lik stemme skal lese opp og spele inn den same teksten to eller tre ulike gonger, men kvar gong med ulikt talespråk. Når det er to ulike personar, er det vanskelegare for elevane å gjette at det er den same personen. Det kan vere ulike dialektar eller norsk med aksent. Bruk god tid på å øve inn god uttale. Bruk relevant fagkunnskap frå kapittel 12 og 13, bruk nettressursar og hent råd frå folk som kan dialektane eller uttalevarianten. c) Gi testpersonane beskjed om at innspelinga dei skal få høyre, skal brukast til å velje ut ein person til eit spesielt oppdrag, til dømes å vere programleiar for eit radioprogram, vere konferansier på ein konsert eller vere ny lærar på skulen. Yttarlegare informasjon får dei etter gjennomføringa. Det er viktig at dei som skal lytte til innspelinga, ikkje veit at det er den same personen som les fleire tekstar. Dei skal heller ikkje vite at testen skal handle om språk, før etter at testen er gjennomført og dei har svart på eit spørjeskjema (sjå døme på spørsmål nedanfor). d) Når testpersonane har lytta til innspelinga av teksten to gonger, skal dei fylle ut eit anonymt skjema der dei vurderer personlegdommen til den som snakkar, og kor godt dei meiner personen passar til å utføre oppdraget. Når elevane har levert inn skjemaet, skal de fortelje kva som eigentleg er føremålet med testen. e) Kva finn de? Analyser svara og reflekter over det de finn. I analysen vil det vere interessant å sjå på om og korleis personlegdommen til den same personen blir vurdert på ulik måte basert på kva dialekt eller uttalevariant som blir brukt. Kva kan det fortelje om språkhaldningar, stereotypiar og ideologiar i samfunnet? f) Lag ein munnleg presentasjon der de presenterer det de har kome fram til for resten av klassen.
Vurderingseksemplar
Døme på spørsmål de kan bruke i spørjeskjemaet:
Verkar personen open eller inneslutta, optimistisk eller pessimistisk, høfleg eller uhøfleg, venleg eller uvenleg, aktiv eller passiv, sjølvsikker eller usikker?