3 minute read

mellomalderen

Kristin og Erlend i filmen Kristin Lavransdatter frå 1995 ↦

Kristin Lavransdatter – umogleg kjærleik i mellomalderen Kva oppnår ein forfattar ved å leggje handlinga til fortida? Sigrid Undset (1882–1949) var definitivt den mest framgangsrike norske forfattaren i første halvdel av 1900-talet i tillegg til Knut Hamsun. I 1928 fekk ho nobelprisen i litteratur, og juryen la vekt på hennar «mektige skildringer av middelalderen i Norden». Kransen, den første boka i trilogien om Kristin Lavransdatter, er ein kjærleiksroman der handlinga er lagd til starten av 1300-talet. Konflikten i romanen er klassisk: Skal Kristin gifte seg med den trygge og «ordentlege» Simon, som foreldra har ordna til henne, slik skikken er, og slik normene i samfunnet er? Eller skal ho følgje hjartet sitt, gå imot ønska til foreldra og gifte seg med mannen ho elskar, den rufsete Erlend, som har to barn med ei anna kvinne og eit dårleg rykte? Sigrid Undset er ein av dei forfattarane som gjerne blir kalla nyrealist, og fleire av verka hennar er typiske for nyrealismen ved at Vurderingseksemplar dei handlar om arbeidarar, kontordamer og livet i byen. Kransen handlar derimot om ei jente som veks opp på ein storgard på starten av 1300-talet. Vi finn likevel realistiske trekk i skrivemåten. Det kan vi sjå i dette utdraget, der den 15 år gamle Kristin for første gong møter Simon Darre, mannen foreldra vil gifte henne bort til:

Vel så Simon godt ut, men han var ganske fet til å være bare tyve år gammel, hadde kort hals og et ansikt så rundt og blankt som månen. Håret hans var meget vakkert, brunt og kruset, og øynene var grå og klare, men de lå likesom litt innklemt, fordi lokkene var fete, nesen var for liten og munnen var også liten og trutet, men ikke stygg.

festemann: mannen ein er forlova med Førsteinntrykket er altså skuffande, men når Kristin får litt tid på seg, blir ho også meir nøgd: «Og da Kristin hadde vennet seg litt til hans runde ansikt og hans måte å tale på, ble hun riktig vel tilfreds med sin festemann og var glad for det, slik faren hadde ordnet for henne».

Vi ser her ein typisk realistisk skrivemåte der den autorale forteljaren har lagt synsvinkelen til Kristin. Det er i hennar hovud vi er når vi i utdraget ovanfor ser at ho etter litt tid blei nøgd med valet av ektemann. I tillegg er skildringane detaljerte, noko som ofte er eit kjenneteikn på ein realistisk skrivemåte.

Kulturhistorisk kontekst – eit samfunn i framgang eller moralsk forfall? I 1920, året Kransen blei gitt ut, var det berre sju år sidan norske konservativ: som held på og vil verne det tradisjonelle kvinner hadde fått stemmerett. Noreg hadde blitt meir moderne, og det gjaldt ikkje berre teknologi. Sigrid Undset var kritisk til mange av tankane den nye tida førte med seg. Ho såg med skepsis på at religion blei mindre viktig, og at det blei meir vanleg å bryte normene for å oppnå fridom. I romanen Fru Marta Oulie (1907) skriv ho til dømes om kor gale det går når hovudpersonen er utru mot mannen sin. På enkelte område var Undset altså konservativ, og ho meinte at den nye tida hadde ført til at menneska hadde mista sansen for kva som var rett og gale. Spesielt oppteken var ho av at religionen kunne vere noko fast som menneska kunne rette seg etter. Når Undset legg handlinga i Kransen til mellomalderen, skriv ho om ei tid der religionen var ein meir sjølvsagd del av samfunnet. Dermed fortel ho lesarane i 1920-åra på ein indirekte måte kva ho meiner er gale med samtida si. Menneske og samfunn i Kransen Det norske mellomaldersamfunnet vi blir kjende med i bøkene om Kristin, er prega av kristendommen. Prestar, munkar og nonner spelar viktige roller, og om folk har problem, vender dei seg til Gud Vurderingseksemplar med bøn. Kristin er også oppteken av Gud og reiser som 15–16-åring i kloster i eitt år. I mellomalderen fanst det ikkje noko utdanningssystem, og for ei jente som Kristin var det berre eitt «karriereval»: Ho skulle gifte seg og styre garden. Å ha eit opphald i kloster var som å ha eit «friår» i dag. Dette kan verke fjernt for oss i dag, men Kristin slit med dei same problema som unge jenter og gutar kunne slite med også i 1920 og i 2020: Samfunnet seier at vi må følgje eit sett med reglar, men desse reglane fører til at enkeltmenneska får utfordringar i sitt eige liv. Kristin er oppriktig oppteken av Gud og å gjere det rette. Samtidig blir

This article is from: