3 minute read

Engelsk i norsk

kodeveksling Særtrekka ved innvandrarnorsk kan ha opphav i at språkbrukarane ikkje meistrar norsk like godt som innfødde nordmenn. På den andre sida er det fleire med innvandrarbakgrunn som bryt med V2-regelen når dei snakkar med vener, men kan bruke regelen perfekt på skulen eller jobben. Då handlar det om at dei kodevekslar for å markere språkleg og kulturell identitet.

I norsk har vi fått inn nokre importord frå innvandrarspråk, til dømes kæbe (‘jente’) og avor (‘stikke’). Vi har også kodeveksling med bruk av innvandrarvariantar. Det går ut på at to eller fleire språk blir brukte i den same samtalen, ofte for å markere ein bestemt stil. Det er derimot lite som tyder på at intonasjonen, syntaksen og bøyinga i norsk talespråk generelt blir påverka. Språkpåverknaden handlar derfor mest om at talespråksituasjonen i Noreg er blitt meir mangfaldig. Korleis har innvandrarvariantar gjort talespråket meir mangfaldig? Engelsk i norsk Av og til kjem det oppslag i media om at barn i barnehage og skule snakkar med kvarandre på engelsk. Bør det bekymre oss? Vil det norske språket forsvinne og bli erstatta av engelsk? I kva samanhengar snakkar du engelsk utanom engelsktimane? Det er ikkje så merkeleg at barn byter til engelsk i rolleleik, fordi engelsk omgir oss overalt i media og samfunnet elles. Vi kan kanskje samanlikne med den rolleleiken barn på Vestlandet, i Nord-Noreg og i Trøndelag har hatt med austnorsk tonefall. I slik samanhengar klarer ungane å halde ulike talespråk frå kvarandre. Vurderingseksemplar

Kva så med framtida for norsk språk? Når vi vurderer statusen til norsk samanlikna med engelsk, må vi ta omsyn til at norsk er førstespråket til dei aller fleste som veks opp i Noreg. Norsk blir også overført frå generasjon til generasjon. I tillegg har norsk språk støtte frå storsamfunnet og staten. Det er difor ikkje grunn til å tru at norsk blir avløyst av engelsk som talespråk med det første. Kva som skjer i framtida, er vanskelegare å avgjere.

Trur du barn i Noreg etter kvart vil gå over til å snakke engelsk i daglegtale? Grunngi svaret ditt.

domenetap

lånord Fleire er uroa over at engelsk tek over som arbeidsspråk i ein del domene (område) i samfunnet, såkalla domenetap. Det gjeld særleg høgare utdanning, næringslivet og IT-bransjen. Då kan fagorda lett bli engelske når ein skal forklare noko på norsk.

Vi merkar engelskpåverknaden gjennom lånorda: «Han vart headhunta til jobben», «Bur du saman med vener, eller bur du berre i eit random kollektiv?», «Ho skrolla gjennom teksten». Dersom vi tel omfanget av nye lånord, utgjer dei nok eit mindretal av alle orda vi brukar. Når vi likevel legg merke til dei, er det fordi dei ofte er innhaldsord, altså at dei er sentrale for innhaldet i det som blir sagt.

Dersom du driv med gaming, har du gjerne snakka med andre medspelarar under spelinga. Når det er deltakarar frå andre land, blir det ofte snakka på engelsk. Med norske deltakarar er det vanleg å snakke på norsk, men også då vil vi finne mange engelske importord, fordi dataspela i hovudsak er på engelsk. Det er derimot vanleg å bøye orda på norsk, til dømes «Han er banna» (for engelsk banned) og å hijacke (frå engelsk to hijack). Dataspelsamtalen er ein eigen sjanger, og vi snakkar neppe på same måten til besteforeldre eller lærarar, eller når vi er på eit jobbintervju. Likevel ser vi at ord frå gaming blir brukte i andre samanhengar, til dømes er level brukt av norske bibliotek om nivå i kampanjen Sommarles for barn. På kva måte er du blitt betre i engelsk av å spele dataspel med andre?Vurderingseksemplar

This article is from: