1 minute read

dialektendringar seg?

Next Article
Pronomen

Pronomen

bølgjemodellen

sentrumshopp

demografiske endringar Kven er det du tilpassar talespråket ditt til? Og kven er det du ikkje tilpassar det til?

Korleis spreier dialektendringar seg? Det finst teoriar om korleis talespråksendringar spreier seg. Bølgjemodellen går ut på at ei talespråksendring har eitt kjerneområde og spreier seg gradvis frå det området – som ringar i vatn. Alternativt kan spreiinga skje som sentrumshopp, «urban jumping». Då hoppar nye talespråkstrekk mellom ulike sentrum (byar eller større tettstader) før dei etter kvart spreier seg til områda rundt kvart sentrum. Spreiinga av skarre-r og sj-lyden i kjole (som sjole) ser ut til å ha følgt eit hoppe-mønster. Ein tredje teori handlar om demografiske endringar (befolkningsendringar). I dei seinare åra har områda rundt dei store byane fått stor innflytting, og det har påverka talespråket, til dømes i Øygarden utanfor Bergen. Det same er tilfellet med fleire turistbygder og hyttebygder, som Hemsedal og Geilo. Kjenner du til område med stor og brå innflytting? Kva har skjedd med talespråket der? Øygarden utanfor Bergen ↧ Vurderingseksemplar

This article is from: