3 minute read

Natur, klima og berekraft Naturen i sakprosa –

På side 431 kan du lese eit utdrag frå verkelegheitsromanen Neiden 1970 (2015), som er skriven av Ingeborg Arvola. Faren min døde for fem måneder siden, på et beleilig eller ubeleilig tidspunkt, alt etter øynene som ser. Selv tror jeg ikke han ville ha hatt noe imot å bli borte på en slik plutselig måte akkurat da, det var nesten så jeg tenkte han måtte ha forårsaket fallet selv, da jeg hørte om det, før jeg fikk detaljer. Det lignet for mye på sånt som står i romaner, til å kunne være tilfeldig.

Mine søsken hadde i ukene før dødsfallet hatt en heftig diskusjon om forskudd på arv, det gjaldt fordelingen av familiens hytter på Hvaler. Og bare to dager før far falt, hadde jeg meldt meg på, på min eldre brors side, mot mine to yngre søstre.

Etter kvart viser det seg at hovudpersonen på eit tidlegare tidspunkt har fortalt at faren krenkte henne seksuelt då ho var fem år, men at ingen i familien har trudd på henne. På grunn av dette har ho ikkje hatt mykje kontakt med familien dei siste åra. Debatten om romanen starta då avisa Aftenposten fann ut at mykje av det Hjorth skriv om i romanen, har hendt i verkelegheita. Fleire litteraturkritikarar meiner at hovudpersonen Bergljot er modellert etter forfattaren sjølv, Vigdis Hjorth, og at familiekranglane er reelle. Dette får mange til å reagere: Kan forfattarar skrive kva dei vil om verkelege folk, så lenge dei kallar bøkene sine for romanar? I dette tilfellet meiner andre i familien til Vigdis Hjorth at ho tek feil, og at hennar versjon slett ikkje er «sann». Søstera til Vigdis Hjorth, Helga Hjorth (fødd 1964), meinte at forteljinga om familien deira var så feil at ho svarte med å skrive sin eigen versjon, romanen Fri vilje. Korleis ville du ha reagert om ein slektning skreiv utleverande detaljar om familien din og du i tillegg meinte at framstillingane ikkje stemte? Vurderingseksemplar Natur, klima og berekraft Kva meiner du er den viktigaste samfunnsutfordringa i vår tid? Om du svarer noko med klima og berekraft, er du ikkje åleine. Norske forfattarar er sjølvsagt også opptekne av dette, og dei prøver på ulike måtar å gjere det dei og litteraturen kan best: stille uventa spørsmål, nyansere dei enkle løysingane, vere kritiske og utforske perspektiv vi ikkje har tenkt på. Fleire av tekstane i vår tid handlar på ulike måtar om natur, klima og berekraft.

Lindepraktbille – eller Lampodrila rutilans ↦

Inger Elisabeth Hansen – dikt om plastposar og raudlista insekt Ein av forfattarane som har skrive dikt om klimautfordringane og berekraft, er Inger Elisabeth Hansen (fødd 1950). I 2015 gav ho ut boka Å resirkulere lengselen, avrenning foregår. Allereie ut frå tittelen, som har ordet «resirkulering» i seg, anar vi at det handlar om miljø. Også andre titlar ho nyttar, viser at naturen, og truslane mot han, står i sentrum: Det handlar om blå plastposar i Nilen, om forsuring av korallrev og om at albatrossen har begynt å ete søppel. Vi kan sjå på korleis Hansen skriv om naturen i eit av dikta frå samlinga: Lite minnedikt Tilegnet lindepraktbillen, Lamprodila Rutilans som står på rødlista Lindepraktbille, Lamprodilla Rutilans hvem får huske navnet ditt hvem får bruke lindetreetVurderingseksemplarnår profitten har tatt sitt

ikke vi, lille bille, når du din glans har tapt er vi det hvorav ingenting er skapt

Lille bille, når du tikker ut av lindetreets sjel: tred oss ikke med din jernskodde hæl

Kva trur du eit «minnedikt» kan vere? Og kvifor har Hansen skrive eit minnedikt til lindepraktbilla?

This article is from: