
1 minute read
individualisme
from 9788203405990
japp: opphavleg YAP, young aspiring professional Korleis trur du historikarar om 200 år vil karakterisere tida vi lever i no? Er det dei private spørsmåla eller er det dei meir samfunnsorienterte problemstillingane, slik som klimautfordringa, som er det viktigaste? Det er ikkje lett å svare på, og grunnen til det er kanskje at «vi» er så mange og så ulike. Som kong Harald sa i hagefesttalen sin i 2016, er nordmenn både nordlendingar, trønderar og innvandrarar frå ulike land, i tillegg til å vere «unge og gamle, høye og lave, funksjonsfriske og rullestolbrukere». Vi er også «rike, fattige og midt imellom», og vi trur på Gud, Allah eller ingenting, og vi kan vere glade i både gutar, jenter og begge delar. Tekstane som blir laga no, speglar dette mangfaldet, og i samtidslitteraturen kan vi lese om alle moglege slags tema.
1980-åra – valmoglegheiter og individualisme I starten av 1980-åra er det to hendingar frå politikken vi kan merkje oss. Gro Harlem Brundtland (fødd 1939) frå Arbeidarpartiet blei den første kvinnelege statsministeren i Noreg. Men ho fekk ikkje sitje lenge, for i valet seinare det same året vann Høgre. 1980-åra er særleg kjende for ei såkalla høgrebølgje, og både i Noreg og i andre land gjekk parti på høgresida framover. Meir fridom for enkeltindividet var eit av slagorda til høgresida. Då regjeringa oppheva det monopolet NRK hadde på å drive med tv- og radiosendingar, blei dette oppfatta som ein måte å gi folk meir fridom på. I starten blei det mogleg å ta inn enkelte utanlandske kanalar, anten ved hjelp av kabel-tv eller parabolantenne, og frå 1992 kom også TV 2, den første landsdekkjande reklamefinansierte tv-kanalen. Det var endå langt fram til dagens mediesituasjon, der vi ikkje kan telje alle vala vi har, men 1980-åra var starten på det moderne Vurderingseksemplarmediesamfunnet i Noreg.
Kva trur du det har å seie for ein tv-kanal at dei skal tene pengar på reklame?
1980-åra førte også med seg auka merksemd rundt enkeltindividet. Litt forenkla handla åra etter krigen om fellesskapet og det å byggje ut ein velferdsstat der alle skulle takast vare på og ha det mest mogleg likt. I 1980-åra var det derimot individualismen som rådde. I næringslivet dukka «jappane» opp. Dette var unge, ambisiøse folk som jobba i