
2 minute read
Arbeidsstoff
from 9788203405990
Oppsummeringsspørsmål
1 På kva måte påverka urbaniseringa og industrialiseringa litteraturen som blei skriven i perioden 1920–1945? 2 Kvifor seier vi at dikta til Rudolf Nilsen har tradisjonell form, medan dikta til Rolf Jacobsen er modernistiske? 3 Kva handlar romanserien om Kristin Lavransdatter om? 4 Kva grunnar kunne Sigrid Undset ha for å leggje handlinga i bøkene om
Kristin Lavransdatter til mellomalderen? 5 På kva måtar kan vi få tilgang til det umedvitne, ifølgje Sigmund Freud? 6 Korleis brukar Gunnar Larsen tankane til Freud i romanen Week-end i Evigheten? 7 Kvifor interesserte fleire forfattarar i denne perioden seg for barndommen? 8 Kva seier utdraget frå Pelsjegerliv om forholdet mellom menneske og natur? 9 Kva kjenneteiknar kamplyrikken frå 1930- og 40-åra? 10 Kva har kamplyrikken til felles med dikta om 22. juli og koronapandemien? På kva måte skil dei seg frå kvarandre? Oppgåver 1 Skriv ei samanlikning Skriv ein kort fagartikkel der du samanliknar «Fedreland» med utdraget frå «Byens metafysikk» på side 87. Bruk oversikta på side 253 om samanlikning av tekstar. Du kan ta utgangspunkt i desse spørsmåla: Vurderingseksemplar a) Form: Kva er likt, og kva er ulikt? b) Innhald: Kva er likt, og kva er ulikt? c) Korleis framstiller dikta menneske, natur og samfunn? Bruk gjerne spørsmåla på side 244–245. d) Reflekter over om dikta framleis er aktuelle.
2 Skriv eit essay om draumar
I teoriane til Freud om menneskesinnet var draumane viktige. Kunstnarane Salvador Dalí og René Magritte blir rekna for å vere inspirerte av
Freud, og måleria deira har ofte draumeliknande motiv. Søk opp bileta deira på internett og studer dei. Finn minst éin annan tekst (song, film, dikt, novelle, roman, saktekst) som også handlar om draumar. Skriv eit kort essay på sidemålet ditt der du utforskar kva rolle draumane spelar i livet vårt. Bruk døme frå bileta og tekstane. På side 237 finn du tips til korleis du kan skrive essay.
3 Dikt i kulturhistorisk kontekst: Inger Hagerup
Bruk nettsidene til Nasjonalbiblioteket (www.nb.no). Søk opp diktsamlinga Jeg gikk meg vill i skogene av Inger Hagerup, som kom ut i 1939. Finn dikta «Reaksjon» og «Pesten». a) Korleis vil du tolke dikta i lys av den kulturhistoriske konteksten? b) På kva måte blir menneske, natur og samfunn skildra i dei to dikta? Lag ein munnleg presentasjon og del det du har kome fram til, i ei gruppe. Fordjuping 4 Utforskande samtale om lyrikk og samfunnsengasjement Gå saman i grupper på fire. To av dykk finn døme på kamplyrikk frå tida rundt den andre verdskrigen. To av dykk finn døme på samtidslyrikk som tek opp aktuelle samfunnsspørsmål. Bruk gjerne døma frå dette kapittelet, eller leit etter andre dikt på biblioteket eller på internett. De kan finne dikt frå i dag på Instagram, hos Forfatternes klimaaksjon på nett, i tekstbanken på Aunivers.no og i tekstsamlinga til denne boka. Vurderingseksemplar
Gjennomfør ein samtale der alle først presenterer diktet de har funne.
Deretter skal de ha ein samtale om alle dikta der de saman utforskar dei. Her er nokre hjelpespørsmål: a) Kva for ei sak eller hending handlar diktet om? b) Seier diktet noko om den kulturhistoriske konteksten? c) Kva kan ein seie om forma på diktet? d) Kva kjenneteiknar språket i diktet? e) Har diktet ein tydeleg bodskap, slik kamplyrikken ofte hadde? f) Kva type kunnskap eller innsikt gir diktet oss om saka det handlar om? g) Er diktet aktuelt i dag? Kvifor eller kvifor ikkje?
Vurderingseksemplar
Fyrvokteren av Tore Haaland, 1948