1 minute read

1990-åra – ironi og alvor

metafiksjon av 1980-åra, og vi såg starten på det informasjonssamfunnet vi har i dag. I utdraget ovanfor zappar ikkje Greta frå kanal til kanal, men ho er inspirert av ei rekkje utanlandske motemagasin. I løpet av 1980-åra blei det langt enklare å få tilgang til inntrykk frå verda omkring oss, og valmoglegheitene blei stadig fleire.

Homo falsus er også eit tydeleg døme på metafiksjon. Eit av temaa er korleis litteratur fungerer, og det viser seg etter kvart at hovudforteljaren i romanen er ein forfattar, og at det er han som har dikta opp drapskvinna Greta som vi møtte i utdraget ovanfor:

Jeg la de gjennomleste kapitlene fra meg. [...] Til gjengjeld var jeg godt fornøyd med skildringen av kvinnen, Greta, hennes væremåte.

Etter ei stund viser det seg at forfattaren mistar kontroll over romanfiguren sin, og han får faktisk eit brev frå Greta – ein fiktiv person han sjølv har dikta opp! Og som om det ikkje var merkeleg nok, oppdagar han også at drapa han har fått Greta til å gjere, ved å skrive om dei, også har skjedd på ordentleg i den verkelege verda. Romanen reflekterer altså over seg sjølv: Korleis fungerer skriving? Kvar går grensene mellom dikting og verkelegheit? 1990-åra – ironi og alvor 1990-åra er på mange måtar ei forlenging av mykje av det som skjedde både i 1970- og 1980-åra, og vi ser til dømes at den teknologiske utviklinga skyt endå meir fart. Når vi ser desse tala, verkar det veldig lenge sidan: I 1998 hadde 57 prosent av alle nordmenn ein heime-PC, og om lag 10 prosent brukte internett dagleg heime. I 1960-åra var husmora og kjernefamilien ei sentral eining i samfunnet, men i 1990-åra kan vi sjå ei tydeleg endring her: Fleire Vurderingseksemplar bur åleine, skilsmissetala går opp, og kvinner er definitivt ikkje berre på kjøkkenet. I 1990-åra utgjorde nemleg kvinnene fleirtalet av dei som tok høgare utdanning.

Andre grupper fekk også meir merksemd enn før, og vi fekk eit større mangfald i samfunnet. Innvandrargrupper, spesielt i dei større byane, blei meir synlege enn før, samane og kvenene sine rettar blei styrkte, og lesbiske og homofile par kunne i 1993 inngå partnarskap. I litteraturen blir mange opptekne av å skrive om nye typar familierelasjonar.

This article is from: