3 minute read

menneske og natur i Pelsjegerliv

binne: hodyr av bjørn 1920- og 30-åra var ei tid der brytningane mellom det gamle og det moderne blei stadig tydelegare. Kunne ein finne det gode livet i byane, som blei større og større? Kunne moderne teknikk og maskiner gi oss meir fridom og livskvalitet? Kva skulle vi støtte oss til når religionen kanskje ikkje var like viktig som før? I Pelsjegerliv ligg det ein god del kritikk av det moderne samfunnet. Forholdet mellom menneske og natur i Pelsjegerliv Boka til Ingstad er bygd opp slik: Helge Ingstad reiser frå byen Edmonton i Canada og ut i villmarka. I starten er han saman med andre pelsjegarar og urfolk. Etter kvart lærer han meir og meir av desse rutinerte overlevarane, og det siste året lever han åleine på tundraen. Boka endar med at han reiser tilbake til byen han starta i, og no skildrar han Edmonton slik: «med susende biler og trikker, gneldring og larm, blink i skjærende farver og lys». Byen er karakterisert på ein tydeleg negativ måte.Vurderingseksemplar

Dersom vi les boka, er det også interessant å utforske korleis Ingstad skildrar livet i naturen. I utdraget nedanfor er han på veg tilbake til ein stad der han har lagra litt mat, to beverhalar og ein halv beverskrott, som ligg i ein sekk som er hengd opp i eit grantre. Han er svolten og ser fram til eit godt måltid:

Forsyne meg står [bjørnungene] ikke der og eter på min bever! Dette går over alle grenser. Jeg setter i et krigsbrøl, og farer oppover bakken. Det blir en forskrekkelse. Binna stryker til skogs i ville byks, ungene piler oppefter grantreet, hvor de setter seg til øverst oppe, og kikker forundret nedover mot meg.

pistre: kvine, pipe entre: gå inn

Borte i lyngen finner jeg sekken min flerret, tepotte og fyrstikker slengt omkring. Noen avgnagde bein og en del slintrer er alt som er tilbake av beverkjøttet. Forbitret samler jeg sammen hva jeg kan finne.

Beversteken gikk i vasken, men stekte bjørnunger kan da også gå an, trøster jeg meg selv med, slår en tauende om hullet i sekken, slenger den over ryggen, og gir meg til å klatre oppover mot de to synderne øverst i grantoppen. De ser svært lite skyldbevisst ut de to, gløtter bare nysgjerrig frem fra hver sin side av stammen, mens jeg nærmer meg. Da jeg griper dem i nakken og putter dem i sekken, pistrer de litt, det er det hele. Jeg entrer ned igjen, haler synderne én for én frem av sekken, og binder dem med et tau til to trær. De gir seg straks til å leke, som om alt var i skjønn orden, og når jeg løfter dem opp på fanget, krøller de seg tillitsfullt sammen som to nøster. Her er et godt måltid mat, det står ikke til å nekte. – Så løsner jeg tauet, tar en bjørnunge i hver neve efter nakkeskinnet, og bærer dem hen til sporet av binna. To små bjørnerumper bortefter lyngen er det siste jeg ser av dem. Disse troskyldige øynene, pokker ta dem. Kva inntrykk får du av bjørnane i dette utdraget? I dette utdraget er det ingen detaljerte skildringar av naturen, utanom bjørnane, men det er likevel mykje å seie om forholdet mellom menneske og natur. I starten blir bjørnane som et maten til Ingstad, skildra på ein negativ måte. Dei er trugande og kan øydeleggje middagen hans. Dette endrar seg når Ingstad blir «kjend» med bjørnungane og ser kor vakre og søte dei er. Sidan dei ikkje lenger er ein trussel, slepp han dei ut. I starten kan vi seie at teksten framstiller mennesket som herre over naturen, sidan alt, frå beverkjøtet til bjørnane, blir sett på som noko Ingstad kan bruke og utnytte. Blikket til bjørnungane gjer Vurderingseksemplar derimot at haldninga endrar seg. Ingstad skildrar no seg sjølv som ein del av naturen på same nivå som bjørnane. Ingstad kan ikkje ete desse levande vesena; han har ingen privilegert posisjon, men er berre ein del av naturen han bur i og skriv om.

Les vi heile boka, vil dette biletet bli meir nyansert. Det er opplagt at Ingstad må gå på jakt for å skaffe mat og overleve. I tillegg tener han pengar på å skyte dyr og selje pelsen deira. Pelsjegerliv gir oss eit historisk innblikk i korleis ein kan overleve i den ville naturen, og kanskje kan boka gi oss nokre nye tankar om berekraft? Boka er endå eit svar på korleis menneska kunne møte dei moderne utfordringane i mellomkrigstida.

This article is from: