1 minute read

gassleidningar

Dikt om skorsteinsrøyk og gassleidningar

Studer omslaget på diktsamlinga til Rudolf Nilsen. Korleis vil du skildre forholdet mellom naturen og det menneskeskapte her?

kaserne: hus for soldatar

forbannet: her: sterkt mislikt av fienden

ætt: slekt Åja, vi også elsker dette landet med sot og skorstensrøk og gatestøv, den trange sprekk imellem grå kaserner hvor solen bare har en times frist Vi lenges vel iblandt mot noget andet: en li med vind og sus og sang i løv, en strand med hav og himmel, sol og stjerner, en skog med kvaeduft fra bark og kvist Men dette er vårt land. Her har vi hjemme. Og hvad vi drømmer kommer ingen ved. Vi elsker gaten – ja vi elsker landet, som vi befolker her så altfor tett. Og alle andre drømme må vi gjemme i dypet av vårt mørke sinn et sted. For den skal være fredløs og forbannet som sviker gaten og sin egen ætt. Korleis blir naturen framstilt i diktet «Fedreland»? Vi innleier dette kapittelet med diktet «Fedreland» av Rudolf Nilsen. Diktet er frå 1925, og det kan gi oss nokre hint om kva som prega litteraturen og samfunnet i tida frå 1920-åra og fram til slutten av den andre verdskrigen i 1945. Den første verselinja vil truleg alle nordmenn kjenne att, Vurderingseksemplar for det er ein tydeleg allusjon til nasjonalsongen. Då diktet kom ut, var det berre tjue år sidan Noreg hadde blitt ein sjølvstendig nasjon. I nasjonalromantikken på 1800-talet var mange kunstnarar opptekne av å finne ut kva som skilde Noreg frå andre land, og naturen og den norske bonden blei ofte framheva som noko typisk norsk. I diktet av Rudolf Nilsen er det derimot ingen bønder som blir skildra, men eit «vi» som høyrer til i «gaten» – altså byfolk.

Omslaget på den første diktsamlinga til Rudolf Nilsen frå 1925, På stengrunn.

This article is from: