1 minute read

1920–1945: Arbeidarar, kvinner, draumar og krig

KAPITTEL 4

I dette kapittelet kan du

• lære om, lese og tolke tekstar i ulike sjangrar frå om lag 1920 og fram til 1945 • reflektere over desse tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og vår eiga samtid • utforske og reflektere over korleis desse tekstane framstiller menneske, natur og samfunn Studer lista med historiske hendingar frå perioden 1920 til 1945. Kva trur du desse hendingane hadde å seie for litteraturen som blei skriven i denne perioden? Viktige historiske hendingar i perioden 1920–1945 1905: Noreg gjekk ut av unionen med Sverige og blir ein sjølvstendig nasjon. 1913: Kvinner fekk stemmerett. 1914–1918: Den første verdskrigen. Noreg var nøytrale, men støtta i praksis Storbritannia meir og meir i løpet av krigen. Vurderingseksemplar1921: Arbeidsløysa var på 17,1 prosent. 1920-åra: Regjeringsmakta skifta hyppig mellom Høgre og Venstre. 1929: Det oppstod krakk på New York-børsen og dermed økonomisk krise. 1932: NRK blei oppretta. 1933: Arbeidsløysa var på 33,4 prosent. 1933: Det høgreradikale partiet Nasjonal Samling blei danna. 1935: Johan Nygaardsvold frå Arbeidarpartiet blei statsminister. 1940: Noreg blei okkupert av Tyskland. 1945: Tyskland tapte krigen, og Noreg blei fritt.

This article is from: