
4 minute read
Litteratur i nye medium – Insta-litteratur og dataspel
from 9788203405990
Dei siste åra har det dukka opp mange nye ord med «insta» framfor seg, og «instapoesi» er eitt av dei. Om du søkjer opp den emneknaggen på Instagram, vil du finne mange dikt. Dei fleste er korte dikt som passar perfekt inn på ein liten mobilskjerm. I Noreg er kontoen @renpoesi den mest kjende, og bak den finn vi Ellen Wisløff. Her legg ho ut kjende og ukjende dikt, og i skrivande stund har kontoen 110 000 følgjarar. I tillegg har det også dukka opp mange diktarar som meir eller mindre legg ut alle dikta sine på Instagram. Døme på slike «instapoetar» er Trygve Skaug, Sabina Store-Ashkari og Alexander Fallo.
Alexander Kielland Krag har også utnytta potensialet til Instagram i litteraturen sin. Då han debuterte med romanen Dette blir mellom oss i 2020, blei han gitt ut i vanleg bokform. Men i tillegg blei han gitt ut, bit for bit, på Instagram – heilt gratis! Der kunne vi lese forteljinga om Felix, ein vg2-elev som begynner på ny skule og blir forelska i Nicolai. Frå eit innlegg på Instagram-profilen @renpoesi med eit dikt av Kristian Bergquist frå samlinga Sitt hos meg (2018) ↧ Vurderingseksemplar

Vurderingseksemplar

Utdrag frå «instaromanen» Dette blir mellom oss av Alexander Kielland Krag (2020) på @dbm_2020 ↦



Scener frå The Last of Us 2, Red Dead Redemption 2 og GTA 5 Mange meiner at det er i dataspela vi no finn dei beste forteljingane, særleg i dei store episke spela der sjølve forteljinga står sentralt. I det som blir kalla open verd-spel, spel der du kan gå rundt og gjere bortimot det du vil, er du med på å skape forteljinga sjølv. Andre spel lèt deg ikkje vere medskapar på same måten, men kan ha forteljingar med moralsk tyngd og viktige tema. I The Last of Us 2 får vil til dømes bli med på ei reise gjennom eit postapokalyptisk landskap ein gong i ei nær framtid der hemn og overleving står sentralt. I tillegg reflekterer spelet over tema som håp, samhald og kjærleik, og når det viser seg at hovudpersonen Ellie er lesbisk, blir det også ei forteljing om å kome ut av skåpet. Detroit: Become Human er eit spel som utforskar eit skummelt spørsmål som også ei rekkje sci-fi-forfattarar har vore opptekne av: Kva skjer om androidane – som i framtida sjølvsagt har blitt våre beste hjelparar – finn ut at dei kan gjere som dei sjølve vil? I spelet kontrollerer du tre slike androidar, og du må gjere val som etter kvart handlar om liv og død. Disco Elysium kan minne om ein krimroman, for i dette rollespelet er du ein detektiv. Det heile startar med at du vaknar opp, fyllesjuk og forvirra i ein ukjend by, og som etterforskar må du oppklare eit mord. Vurderingseksemplar


Oppgaver
1 Utforskande samtale: litteratur i nye medium
Arranger ein utforskande samtale der de saman reflekterer over nokre sider ved Insta-litteraturen. Før samtalen må alle ha valt ein konto som de følgjer over litt tid. Døme på kontoar kan vere @renpoesi, @enkel_poesi og @trygveskaug. Noter viktige poeng og lagre dei tekstane de meiner er interessante. Under samtalen kan de ta utgangspunkt i spørsmåla nedanfor. Hugs å underbyggje argumenta dykkar med døme frå dikta de har funne på Instagram. • Kvifor trur de dikt har blitt så populært på Instagram? • Kva fordelar eller ulemper ser de ved denne måten å 2 presentere dikt på? • Kva for betydning har det grafiske uttrykket (korleis diktet blir vist på skjermen)? • Er det nokre tema som går igjen i denne typen poesi? Kva for tema er i så fall det? • Korleis skil insta-dikta seg frå dikt som kjem ut i bokform (de kan mellom anna ta ein titt på dikta i denne boka)? Kva kan vere grunnen til at dikta er annleis på Instagram? • Kan all instapoesi kallast poesi? Grunngi synet. Tolk eit dataspel: meir enn underhaldning? Ta føre deg eit dataspel du likar og kjenner godt. Det må vere eit spel som har ei tydeleg historie (multiplayer, reine skytespel, sportsspel og hjernetrimspel passar ikkje til denne oppgåva). Lag ein munnleg presentasjon av spelet der du brukar norskfagleg kunnskap og fagspråk i ei minitolking av spelet. Du skal • gjere greie for handlinga og personane som er med • bruke faguttrykk som synsvinkel, forteljar, dialog, konflikt, person-Vurderingseksemplar skildring og miljøskildring, symbol, metaforar og realisme • vise bilete frå spelet og vurdere kva stil det har • reflektere over om spelet har eit tema, om vi kan lære noko av det, om det er meir enn berre underhaldning, og på kva måte menneske, natur og samfunn blir framstilte • reflektere over kva som er likt og kva som er ulikt mellom eit dataspel og den episke diktinga som romanar og noveller.
Vurderingseksemplar

Vurderingseksemplar
Teks T og kommunikasjon

Vurderingseksemplar

Rat, irrational (2018) av Hama Woods