
1 minute read
tankar i tradisjonell form
from 9788203405990
Fabrikkarbeidarar på veveriet i Nydalen i Kristiania, 1929. Biletet er teke av søstera til Edvard Munch, Inger Marie Munch. Plakat for Arbeidarpartiet til stortingsvalet i 1933, laga av Erling Nielsen

I den andre strofa kan sjå at «vi» drøymer om noko. Kva kan det vere vi-et frå byen drøymer om? Kan det vere fridom? Det å bli akseptert som ein del av landet? Her finst det nok ikkje eitt svar, men diktet sluttar med ei åtvaring: Om du sviktar gata og di eiga slekt, altså sviktar den plassen du høyrer til, skal du vere fredlaus og forbanna. Vurderingseksemplar Menneske, natur og samfunn – moderne tankar i tradisjonell form Om vi tek utgangspunkt i den konteksten diktet er skrive i vil gata og slekta kunne tolkast som eit uttrykk for klassekamp. Mennesket er nemleg del av ein klasse i dette diktet. I byen måtte denne nye og veksande samfunnsklassen, arbeidarklassen, samle seg for å vere sterke, både mot dei kapitalistiske kreftene som kunne utnytte dei, og mot den tradisjonelle oppfatninga av det norske. Det er som om diktet seier: «Hei, vi arbeidarar og byfolk er også ein del av fedre-