1 minute read

postmodernisme i litteraturen

klisjé

intertekstuelle referansar

Homo Falsus av Jan Kjærstad ↧ Pulp Fiction er også ein film som leikar med klisjear. Vi møter til dømes ein gammal, sliten boksar som skal kjempe sin siste kamp. I tråd med klisjeen trur vi sjølvsagt at han skal vinne. Men så blir denne klisjeen vridd på, og boksaren drep i staden motstandaren sin.

I tillegg er filmen full av intertekstuelle referansar, altså at han heile tida refererer til andre filmar og til musikk. Eit godt døme er dansescena på biletet nedanfor. Handlinga i filmen er lagd til 1990-åra, men i denne scena er både musikken, dansestilen og utsjånaden til kafeen og servitørane typisk for 1950-åra. Det er som om filmen seier at «alt er gjort før, så vi treng ikkje vere originale, la oss berre kopiere det som er kult frå gamle dagar».

Homo falsus – postmodernisme i litteraturen Ein roman som ofte blir brukt som eit døme på postmodernisme i Noreg, er Homo falsus, eller det perfekte mord (1984) av Jan Kjærstad (fødd 1953). I utdraget nedanfor møter vi ein av hovudpersonane, Greta, ei slags mystisk drapskvinne. Her studerer ho utvalet i garderoben sin: Hun åpnet døra til garderobeskapet for en ny konsultasjon. Silke, sateng, taft, tweed, tyll, bomull, chenille, fløyel, organza, crepe, chiffong. Broderte bærestykker, blonder, brokade, puffermer, vatterte skuldrer, påsydde applikasjoner, fløyelsbånd, paljetter, sølvtråder, volanger. Klær hun hadde sydd selv, inspirert av bilder fra Vogue, Asana, Elégance, Marie Claire. En rolle på hver kleshenger, kostymer til dusinvis av forvandlinger. Sportspiken, vampen, vestkantfruen, uteliggersken, grevinnen, studenten, flyvertinnen, sekretæren, diskodronningen, sporveisarbeideren, kunstmaleren, pønkeren. Et antrekk for enhver anledning. Masker bak masker.Vurderingseksemplar Her reflekterer romanen over det overflatiske, noko som blir rekna som eit typisk trekk ved postmoderne tekstar. Er menneskekroppen ei overflate som kan dekorerast og brukast til å skape eit image? Vi ser iallfall at Greta kan skifte identitet når ho vil. Ho kan skape si eiga verkelegheit og byte roller frå dag til dag.

Alle valmoglegheitene Greta har, og vektlegginga av det overflatiske, heng også saman med den kulturhistoriske konteksten. Som vi var inne på i starten av kapittelet, endra medieverkelegheita seg mykje i 1980-åra. Tidleg i 1980-åra hadde vi berre éin tv-kanal i Noreg: Slo du på tv-en, måtte du sjå på NRK. Dette endra seg i løpet

This article is from: