
1 minute read
Pelsjegerliv – tilbake til naturen
from 9788203405990
På side 385 kan du lese essayet «Barndom» av Sandemose.
pelsjeger: jeger som jaktar på ville dyr for å bruke og selje pelsen deira spor etter det umedvitne, er også hendingar i barndommen noko som kan vere med på å forklare vala vi gjer i vaksen alder. For oss i dag verkar det kanskje opplagt, men også dette er tankar som Freud stod bak. Romanen til Sandemose er ein type kriminalroman, men vi veit frå første side kven det er som er mordaren. Hovudpersonen, Espen Arnakke, startar nemleg forteljinga si slik:
Nu vil jeg fortelle alt. Og jeg får begynne med avslutningen. Ellers våger jeg meg aldri frem til den siden. Det kan også være nødvendig for deg som en orientering.
Jeg slo en gang et menneske ihjel. Han het John Wakefield og jeg drepte ham en natt for sytten år siden i Misery Harbor.
Når lesaren veit kven mordaren er, blir spenninga knytt til noko anna: Korleis blei Espen Arnakke ein mordar? Kan barndommen vere med på å forklare det? Pelsjegerliv – tilbake til naturen Kvifor er interessa for friluftsliv så stor i Noreg i dag? Om vi i dag går inn i ein bokhandel, er sjansen stor for at det ligg ei eller anna bok om friluftsliv utstilt i butikken. Å lese om toppturmoglegheiter i nærmiljøet eller dramatiske ekspedisjonar der helten må klare seg sjølv, er noko mange norske lesarar er interesserte i. Men dette er ikkje ein ny trend. Litteratur om naturen var også populært i perioden frå 1920 til 1945, sjølv om innhaldet i bøkene ikkje var heilt det same som i dag. Slutten av 1800-talet og første halvdel av 1900-talet var ei tid der Vurderingseksemplar polarheltane var nettopp det: heltar. Dei viste fram Noreg som nasjon, og dei var viktige nasjonsbyggjarar. Dei to fremste var Fridtjof Nansen (1861–1930) og Roald Amundsen (1877–1928). Nansen starta ein trend som har halde seg fram til i dag: å skrive reiseskildringar om ekspedisjonar til eksotiske stader. Med boka På ski over Grønland (1890) gjorde han stor suksess, og det var i den tradisjonen eventyraren Helge Ingstad (1899–2001) i 1931 gav ut boka Pelsjegerliv.
Pelsjegerliv er ei skildring av dei fire åra Ingstad levde i den kanadiske villmarka som pelsjeger. Boka blei ein stor suksess, og noko av grunnen kan vi kanskje finne i den kulturhistoriske konteksten.