
1 minute read
Ikkje berre motstand mot nazismen
from 9788203405990
Propagandaplakat for Nasjonal Samlings Kvinneorganisasjon av Harald Damsleth. ↧ Dei moderne krisedikta skil seg frå kamplyrikken frå 1930- og 40-åra på fleire måtar. Dei samla ikkje det norske folket på den same måten, og i forma manglar dei både tradisjonelle enderim og fast rytme. Men begge desse dikttypane går inn i samtida si og kommenterer viktige saker med eit litterært språk og blikk.
For mange norske forfattarar var krigen noko som inspirerte til dikt om menneskeverd, nasjonal stoltheit, samhald og antifascisme. Men ikkje alle tok avstand frå den tyske okkupasjonsmakta, og nokre forfattarar, med Knut Hamsun og Rolf Jacobsen som dei mest kjende, støtta tyskarane. Hamsun skreiv fleire lesarinnlegg før og under krigen med støtte til både Tyskland og Quisling. Mange har stilt spørsmål om det gjer at ein ikkje kan eller bør lese litteraturen hans, eller om ein må lese han på ein annan måte. Når vi veit at Hamsun hadde nazisympatiar, er det kanskje ikkje så overraskande at bøkene hans framleis blir diskuterte. Romanen Markens grøde, som han fekk nobelprisen for i 1917, blei til dømes hylla i Tyskland, fordi mange meinte han passa inn i den nazistiske ideologien. Andre har i seinare tid tolka den romanen på heilt andre måtar, mellom anna som eit uttrykk for korleis menneska kan leve i naturen på ein berekraftig måte. Ser vi bøkene til Hamsun under eitt, er det uansett ikkje nazistiske verdiar og haldningar som kjem til uttrykk. Romanane hans handlar om dei fleste sider ved livet og kan ofte vere både humoristiske, triste og alvorlege på ein gong. Vurderingseksemplar I sakprosaen er det derimot ingen tvil om at Hamsun støtta nazistane. Etter at Hitler døydde, skreiv han faktisk ein nekrolog over han. Hamsun begynner nekrologen med å seie at han ikkje er verdig til å snakke om Hitler, og han sluttar med å kalle seg sjølv ein nær tilhengjar som bøyer sitt hovud. Hamsun kallar Hitler ein «reformatorisk skikkelse». Hitler var ein fascistisk diktator som var årsaka til at