287
talespråk i endring
pl ar
kapittel 12
ek s
em
Stortingsrepresentant Mathilde TybringGjedde (fødd 1992) er blant dei som brukar lys l. ↦
rin
Vi kan skilje mellom indre og ytre forklaringar på dialektendringar. Med indre forklaringar meiner vi at dialektendringar kjem av indre drivkrefter i språket sjølv Det er nemleg eit behov hos oss språkbrukarar for å sjå system i språket. Når mange barn bøyer preteritum av verbet gå som gådde, brukar dei det systemet dei har lært for å bøye svake verb, før dei etter kvart lærer seg kva for verb som er sterke, og kva for verb som er svake. Dersom systemforenklingar som gådde skulle bli varige, er det tale om ei endring. At preteritumsforma svam for lenge sidan vart til svømte, er eit døme på ei slik endring. Vi snakkar her om analogi (som er gresk og tyder likskap). Det går ut på at eit ord får ei form som er påverka av meir brukte former i språket. Eit aktuelt døme på analogi er samanfall i uttalen av to l-lydar. Dei fleste av oss uttalar nemleg l-en ulikt i starten og slutten av eit ord, til dømes i ord liten og ball. Unntaket har vore Østfold der uttalen har blitt lik, og vi har fått nemninga «østfold-l». Dei seinare åra har samanfallet også slått gjennom blant yngre i Oslo. Denne lyse l-en er ikkje ny i Oslo, men dei som brukte den, fekk høyre det var barnespråk, talefeil eller østfolddialekt. Språkforskarar har peika på at det her er ei systemforenkling som har gått føre seg over lang tid, men som først har fått gjennomslag dei siste åra.
Vu r
de
indre forklaringar
gs
Kvifor endrar dialektane seg?
analogi
200452 GRMAT Grip teksten VG3 210501.indb 287
[Gt
08.03.2022 11:58