96
tekst i kontekst
pl ar
grip teksten
gs
ek s
em
1920- og 30-åra var ei tid der brytningane mellom det gamle og det moderne blei stadig tydelegare. Kunne ein finne det gode livet i byane, som blei større og større? Kunne moderne teknikk og maskiner gi oss meir fridom og livskvalitet? Kva skulle vi støtte oss til når religionen kanskje ikkje var like viktig som før? I Pelsjegerliv ligg det ein god del kritikk av det moderne samfunnet.
rin
Forholdet mellom menneske og natur i Pelsjegerliv
Vu r
de
Boka til Ingstad er bygd opp slik: Helge Ingstad reiser frå byen Edmonton i Canada og ut i villmarka. I starten er han saman med andre pelsjegarar og urfolk. Etter kvart lærer han meir og meir av desse rutinerte overlevarane, og det siste året lever han åleine på tundraen. Boka endar med at han reiser tilbake til byen han starta i, og no skildrar han Edmonton slik: «med susende biler og trikker, gneldring og larm, blink i skjærende farver og lys». Byen er karakterisert på ein tydeleg negativ måte. Dersom vi les boka, er det også interessant å utforske korleis Ingstad skildrar livet i naturen. I utdraget nedanfor er han på veg tilbake til ein stad der han har lagra litt mat, to beverhalar og ein halv beverskrott, som ligg i ein sekk som er hengd opp i eit grantre. Han er svolten og ser fram til eit godt måltid: Forsyne meg står [bjørnungene] ikke der og eter på min bever! Dette går over alle grenser. Jeg setter i et krigsbrøl, og farer oppover bakken.
binne: hodyr av bjørn
Det blir en forskrekkelse. Binna stryker til skogs i ville byks, ungene piler oppefter grantreet, hvor de setter seg til øverst oppe, og kikker forundret nedover mot meg.
200452 GRMAT Grip teksten VG3 210501.indb 96
08.03.2022 11:56