90
grip teksten
tekst i kontekst
pl ar
Kristin og Erlend i filmen Kristin Lavransdatter frå 1995 ↦
Kristin Lavransdatter – umogleg kjærleik i mellomalderen
em
Kva oppnår ein forfattar ved å leggje handlinga til fortida?
Vu r
de
rin
gs
ek s
Sigrid Undset (1882–1949) var definitivt den mest framgangsrike norske forfattaren i første halvdel av 1900-talet i tillegg til Knut Hamsun. I 1928 fekk ho nobelprisen i litteratur, og juryen la vekt på hennar «mektige skildringer av middelalderen i Norden». Kransen, den første boka i trilogien om Kristin Lavransdatter, er ein kjærleiksroman der handlinga er lagd til starten av 1300-talet. Konflikten i romanen er klassisk: Skal Kristin gifte seg med den trygge og «ordentlege» Simon, som foreldra har ordna til henne, slik skikken er, og slik normene i samfunnet er? Eller skal ho følgje hjartet sitt, gå imot ønska til foreldra og gifte seg med mannen ho elskar, den rufsete Erlend, som har to barn med ei anna kvinne og eit dårleg rykte? Sigrid Undset er ein av dei forfattarane som gjerne blir kalla nyrealist, og fleire av verka hennar er typiske for nyrealismen ved at dei handlar om arbeidarar, kontordamer og livet i byen. Kransen handlar derimot om ei jente som veks opp på ein storgard på starten av 1300-talet. Vi finn likevel realistiske trekk i skrivemåten. Det kan vi sjå i dette utdraget, der den 15 år gamle Kristin for første gong møter Simon Darre, mannen foreldra vil gifte henne bort til: Vel så Simon godt ut, men han var ganske fet til å være bare tyve år gammel, hadde kort hals og et ansikt så rundt og blankt som månen. Håret hans var meget vakkert, brunt og kruset, og øynene var grå og klare, men de lå likesom litt innklemt, fordi lokkene var fete, nesen var for liten og munnen var også liten og trutet, men ikke stygg.
200452 GRMAT Grip teksten VG3 210501.indb 90
08.03.2022 11:56