[Sta
KAPITTEL 4
1920–1945: Arbeidarar, kvinner, draumar og krig
ek s
em
pl ar
I dette kapittelet kan du • lære om, lese og tolke tekstar i ulike sjangrar frå om lag 1920 og fram til 1945 • reflektere over desse tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og vår eiga samtid • utforske og reflektere over korleis desse tekstane framstiller menneske, natur og samfunn
de
rin
gs
Studer lista med historiske hendingar frå perioden 1920 til 1945. Kva trur du desse hendingane hadde å seie for litteraturen som blei skriven i denne perioden?
Vu r
Viktige historiske hendingar i perioden 1920–1945 1905: Noreg gjekk ut av unionen med Sverige og blir ein sjølvstendig nasjon. 1913: Kvinner fekk stemmerett. 1914–1918: Den første verdskrigen. Noreg var nøytrale, men støtta i praksis Storbritannia meir og meir i løpet av krigen. 1921: Arbeidsløysa var på 17,1 prosent. 1920-åra: Regjeringsmakta skifta hyppig mellom Høgre og Venstre. 1929: Det oppstod krakk på New York-børsen og dermed økonomisk krise. 1932: NRK blei oppretta. 1933: Arbeidsløysa var på 33,4 prosent. 1933: Det høgreradikale partiet Nasjonal Samling blei danna. 1935: Johan Nygaardsvold frå Arbeidarpartiet blei statsminister. 1940: Noreg blei okkupert av Tyskland. 1945: Tyskland tapte krigen, og Noreg blei fritt.
200452 GRMAT Grip teksten VG3 210501.indb 83
08.03.2022 11:56