292
grip teksten
Særtrekka ved innvandrarnorsk kan ha opphav i at språkbrukarane ikkje meistrar norsk like godt som innfødde nordmenn. På den andre sida er det fleire med innvandrarbakgrunn som bryt med V2-regelen når dei snakkar med vener, men kan bruke regelen perfekt på skulen eller jobben. Då handlar det om at dei kodevekslar for å markere språkleg og kulturell identitet. I norsk har vi fått inn nokre importord frå innvandrarspråk, til dømes kæbe (‘jente’) og avor (‘stikke’). Vi har også kodeveksling med bruk av innvandrarvariantar. Det går ut på at to eller fleire språk blir brukte i den same samtalen, ofte for å markere ein bestemt stil. Det er derimot lite som tyder på at intonasjonen, syntaksen og bøyinga i norsk talespråk generelt blir påverka. Språkpåverknaden handlar derfor mest om at talespråksituasjonen i Noreg er blitt meir mangfaldig.
pl ar
kodeveksling
språkleg mangfald
ek s
Engelsk i norsk
em
Korleis har innvandrarvariantar gjort talespråket meir mangfaldig?
rin
gs
Av og til kjem det oppslag i media om at barn i barnehage og skule snakkar med kvarandre på engelsk. Bør det bekymre oss? Vil det norske språket forsvinne og bli erstatta av engelsk?
de
I kva samanhengar snakkar du engelsk utanom engelsktimane?
Vu r
Det er ikkje så merkeleg at barn byter til engelsk i rolleleik, fordi engelsk omgir oss overalt i media og samfunnet elles. Vi kan kanskje samanlikne med den rolleleiken barn på Vestlandet, i Nord-Noreg og i Trøndelag har hatt med austnorsk tonefall. I slik samanhengar klarer ungane å halde ulike talespråk frå kvarandre. Kva så med framtida for norsk språk? Når vi vurderer statusen til norsk samanlikna med engelsk, må vi ta omsyn til at norsk er førstespråket til dei aller fleste som veks opp i Noreg. Norsk blir også overført frå generasjon til generasjon. I tillegg har norsk språk støtte frå storsamfunnet og staten. Det er difor ikkje grunn til å tru at norsk blir avløyst av engelsk som talespråk med det første. Kva som skjer i framtida, er vanskelegare å avgjere. Trur du barn i Noreg etter kvart vil gå over til å snakke engelsk i daglegtale? Grunngi svaret ditt.
200452 GRMAT Grip teksten VG3 210501.indb 292
08.03.2022 11:58