litteratur i nye medium
Litteratur i nye medium – Insta-litteratur og dataspel
ek s
em
pl ar
Dei siste åra har det dukka opp mange nye ord med «insta» framfor seg, og «instapoesi» er eitt av dei. Om du søkjer opp den emneknaggen på Instagram, vil du finne mange dikt. Dei fleste er korte dikt som passar perfekt inn på ein liten mobilskjerm. I Noreg er kontoen @renpoesi den mest kjende, og bak den finn vi Ellen Wisløff. Her legg ho ut kjende og ukjende dikt, og i skrivande stund har kontoen 110 000 følgjarar. I tillegg har det også dukka opp mange diktarar som meir eller mindre legg ut alle dikta sine på Instagram. Døme på slike «instapoetar» er Trygve Skaug, Sabina Store-Ashkari og Alexander Fallo. Alexander Kielland Krag har også utnytta potensialet til Instagram i litteraturen sin. Då han debuterte med romanen Dette blir mellom oss i 2020, blei han gitt ut i vanleg bokform. Men i tillegg blei han gitt ut, bit for bit, på Instagram – heilt gratis! Der kunne vi lese forteljinga om Felix, ein vg2-elev som begynner på ny skule og blir forelska i Nicolai.
gs
Frå eit innlegg på Instagram-profilen @renpoesi med eit dikt av Kristian Bergquist frå samlinga Sitt hos meg (2018)
rin
↧
de
ør
grip teksten
Vu r
m d ny
154
200452 GRMAT Grip teksten VG3 210501.indb 154
08.03.2022 11:56