kapittel 6
Du kan lese eit lengre utdrag frå Litt som oss. En fortelling om grisen på Aunivers.no.
1980–i dag: frå ironi og metafiksjon til …
151
Endresen samanliknar her grisen med eit menneskebarn, og det får oss kanskje til å tenkje på kor like dei er oss, at både menneske og griser er levande, tenkjande skapningar.
[Gt
Oppsummering
Vu r
de
rin
gs
ek s
em
pl ar
Det er ikkje godt å vite kva litteraturhistoriebøker hundre år fram i tid vil seie om vår tid. For oss i dag kan det likevel sjå ut som om iallfall to tendensar peikar seg ut: Verkelegheitslitteraturen står sentralt, og klima og berekraft er viktige tema. Framleis skriv forfattarar i både den realistiske og modernistiske tradisjonen. I romanar og noveller er nok den realistiske forma oftast å sjå, medan den modernistiske forma er vanlegare i lyrikken. Mange forfattarar blandar også element frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen når dei skriv. Den siste ismen vi har valt å skrive om, postmodernismen, er ei retning som framleis er aktuell fordi vi stadig ser spor etter henne i ulike tekstar. Heilt til slutt kan vi nok driste oss til å seie at både Georg Brandes og den unge Knut Hamsun kunne funne sine favorittar om dei hadde landa med tidsmaskinene sine i starten av 2020-åra: Nokre tekstar set samfunnsproblem under debatt, andre set enkelt individet og det umedvitne sjelelivet i sentrum – og ganske mange forfattarar prøver å få oss til å forstå at vi må gjere noko drastisk for å ta vare på naturen vi kanskje har teke for gitt.
↤ Denne annonsen er henta frå nettsidene til
Kolonihagen. Seier annonsen og boka til Endresen noko som kan seiast å vere typisk for vår tid?
200452 GRMAT Grip teksten VG3 210501.indb 151
08.03.2022 11:56