kapittel 6
1980–i dag: frå ironi og metafiksjon til …
149
pl ar
Forma på diktet er ganske tradisjonell, med enderim og leik med lydar på ein barneregleaktig måte: «lille bille». Hansen refererer også til «Til min gyldenlakk» av Henrik Wergeland, eit kjent dikt frå romantikken. Men der romantikarane såg på naturen som noko guddommeleg, er merksemda no retta mot at denne billa er utryddingstruga. Ho er i ferd med å forsvinne, og skulda blir i diktet lagd på «profitten». Det er altså vi menneske, samfunnet som heile tida styrer mot økonomisk profitt, som er skuld i at lindepraktbilla kjem til å forsvinne. Det hyllande blikket som var så typisk for romantiske diktarar, er borte, og vi sit att med eit dikt som peikar på at noko er gale i naturen. Kanskje kan slike dikt få oss til å sjå på naturen med eit nytt blikk eller til å ville finne ut meir om lindepraktbilla?
em
Kan dikt og annan skjønnlitteratur om klima og miljø påverke oss på andre måtar enn kronikkar, lesarinnlegg og andre sakprosatekstar?
ek s
Naturen i sakprosa – Litt som oss. En fortelling om grisen
[Gt
gs
Det har alltid blitt skrive om dyr, men dei siste åra har dyrevelferdsperspektivet blitt tydelegare. Mange sakprosabøker om dyr, både for barn og vaksne, har kome ut dei siste åra. Ofte vil desse bøkene få oss til å respektere og setje pris på dyr vi kanskje ikkje har tenkt på at er så viktige. I denne kategorien finn vi boka Litt som oss. En fortelling om grisen (2020) av Kristoffer Hatteland Endresen (fødd 1983). Ideen til boka kom då han las ein nyheitsartikkel på Facebook der det stod at det no var fleire griser enn menneske i Rogaland.
Vu r
de
rin
opp og
200452 GRMAT Grip teksten VG3 210501.indb 149
08.03.2022 11:56